Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Aprilturar i godver

Dordi Jorunn Halle Måndag 22. april 2024

Kløverturen 15. april gjekk etter Gammelvegen, og den 22. april var det tur frå Bruset med rundtur om Fosstrøinn og Hengebrua. Og båe måndagane var det sol og godver.

Oppe i Gammelvegen. Frå venstre: Åse, Ester Karin, Helen, Jorunn H, Kari, Arndis, Helga, Jorunn Ø. Foto: Marit Sanden Søyset.

Gammelvegen frå Svinvika og over Hjellneskammane vart opna i 1899; første «bilvegen» inn til bygda. Vegen svingar seg rundt hamrane – er smal, svingete og delvis bratt, men utsikten er flott. Vegen er no ei kjøle populær turrute.

Dagens tur, 22. april, var ein rundtur langs Toåa. Turfølget starta frå Bruset og følgde elvekanten innover til gapahuken i Fosstrøinn. Vidare langs elva til gapahuken nede på Nesset. I dag var det for kaldt til kaffepause ute, så her blir det ein ny tur når varmen kjem. Heile turfølget skvatt skikkeleg da det gjekk eit stort steinsprang oppe i Skrøå; det buldra bra nedover fjellsida!

I Fosstrøinn. Helga, Solveig, Arndis, Helen, Marit, Jon, Jorunn. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Over Henegbrua. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Toåa vart kryssa over Hengebrua, like ovanfor Engjvadet. Første hengebrua vart bygd i 1932. Returen følgde vegen utover Stormyrhaugen, Halaneset og forbi Ramsøya til Fillipbrua.

Og neste måndag blir det ny kløvertur, og da kanskje i Øyalia.

Fleire bilete:

Ved gapahuken nede på Nesset. Foto: Foto: Marit Sanden Søyset.

På heimtur – passerte både sommarfjøs og hytte. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Ved Toåa. Helga, Arndis, Solveig, Helen, Marit, Jorunn og Dordi Jorunn. Foto: Jon Bruset.

Publisert: 22. april 2024, 15:59