Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søndag: Vårsongfest i Bøfjorden

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. april 2024

Søndag 28. april klokka 16 lagar Koret Prosjekt 17, gruppa triOpera, Turid Røen Kroknes og fleire Vårsongfest på Bøfjorden Grendahus. Og her skal songen – ikkje minst allsongen – stå i taket!  – Det er ei kulturell kjernesak dei bokstaveleg slår til lyd for – å halde songen høgt! Mange tykkjer at skulen og samfunnet har svikta her. Men folk vil jo synge – og kan jo synge!
Operatrioen Sigrid Bøe, Maria Nohr og Hedda Hansen Berg og deira lokale kollega Turid Kroknes fører an med tonar i både stort og intimt format frå dei høge hyllene i musikkverda. Men KVA operaverk dei vil plukke frå, skal vera ei overrasking til sjølve dagen …

Jentene i triOpera har lang fartstid med Vårsongfest i Bøfjorden. Her i Rossinis «Katteduett» ved eit tidlegare høve. Frå venstre Maria Moen Nohr, Hedda Hansen Berg og Sigrid Vetleseter Bøe. Foto Bernt Bøe.

Gjenhør med seterliv og Wichmann
Entusiastiske HeimKlang (tidlegare Halsa Demenskor) og arrangørkoret Prosjekt 17 har renska stemmene til songfesten. P17 har blant anna plukka fram godbitar frå forestillingane «Seterkabaret» og «Med segl og Wichmann» – kortreiste tekster og tonar frå fjell til fjord. «Høykjørarslått» og «Grautmarsj», «Sildsjau» og «Kjerringshanty» blir framført med liv og humor, kostymer og høvelege tøler.

Allsongen sentral
Men viktigaste aktør er på mange måtar publikum! Mykje kjend og kjær allsong står på programmet. Slik blir dagen ein liten protest mot nedtoninga av songen i skule og samfunn og eit lite krafttak for både songgleda og dei gode tekstene i arven frå Mads Bergs «Skulesongboka».

HeimKlang frå Halsa lovar å spreie songglede. Foto Bernt Bøe

Oppfordring
Til alle tider har folk visst at song er sunt – det seier både Bibelen og historia elles. For 200 år sia forkynte metodismens far John Wesley i 5 bud at folk skulle synge: – Er du trøtt, så syng! befaler han. – Sit ikkje dovent henslengt på benken, men stå opp og stem i! Ja, Wesley lovar endatil at den som syng til Guds behag, får honorar i himmelen!
I boka «Narnia» av C. S. Lewis stig verda med dyr og plantar ut av ingenting (ex nihilo) når løva Aslan SYNG dei fram!

Borghild Talgø stiller som setertaus også denne gongen – forresten i duett med Øystein Moe. Foto Bernt Bøe.

Sunt for helsa
I vår tid slår forskarar fast at å synge gjer stor verknad på både fysisk og psykisk helse. Landets kanskje fremst ekspert på demens, professor Geir Selbæk, seier at musikk sjølsagt ikkje kurerer denne sjukdommen, men lever i område av hjernen som ikkje blir skadd så tidleg som minnet og andre funksjonar. – Mange syng og spelar ypperleg trass i diagnosen, seier professoren. – Dertil er song og musikkaktivitet gledeskapande på ein måte som aukar livskvaluteten betydeleg!
Nettopp dette er det aktive demenskoret i Halsa, no med namnet HeimKlang, eit flott eksempel på. Dei opptrer under leiing av sin instruktør Turid Røen Kroknes.

«Kjerringshanty» frå «Med segl og Wichmann» på ein tidlegare Vårsongfest. Foto Bernt Bøe.

Vårsongfesten gjenoppstår
Før koronapandemien skipla det meste, var Bøfjorden Grendahus stappfullt under desse årlege samlingane med operaperler, allsong, kor og kaffe. No håpar arrangørkoret Prosjekt 17 å gjenopplive den stemningsfulle tradisjonen.  Med trekkplaster som triOpera (no også med Turid på laget) er det venta mykje folk rundt kaffeborda.
Arrangør P17 lovar både vårleg korsong og, som nemnt, gjenhør med «Seterkabaret» og fjord-musikalen «Med segl og Wichmann».
Kaffekos og allsong hører med denne ettermiddagen. Og i staden for billett kan ein kjøpe lodd til inntekt for lokalt musikkliv. Er du heldig, kan du også vinne!

Her kan du lese og laste ned plakaten:

P17-koret er medlem i Todalen.no 

 

Publisert: 23. april 2024, 05:55