Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Snøleik og karneval på skulen

Snøleik og karneval på skulen

Britt Mossing Laurdag 18. februar 2012

Sender over nokre bilete frå siste veka på skulen.
Elevane er vant til skiftande ver. Etter fleire besøk på Bordholmen og skeiseisen, var det sist måndag såpass mykje snø at den første snømannen kom opp. Det vart starta opp prosjekt på både snøhole og iglo, men vi kan vel seie at desse prosjekta inntil vidare er lagt på is.

Les heile saka

Fortsatt utan mobildekning i dag, søndag.

Fortsatt utan mobildekning i dag, søndag.

Elinor Bolme Laurdag 18. februar 2012

Heile Todalen er fortsatt utan mobildekning idag søndag, både for Telenor og Netcom abonement. Dette berører vel stort sett dei fleste av oss, da det er berre eit fåtal som har fasttelefon i desse tider. Hos Ica Nær og Terje Nordvik gjer dette at kundane ikkje får benytta Postens tenester eller tippa i dag. Då har […]

Les heile saka

Fastelaven

Fastelaven

Elinor Bolme Laurdag 18. februar 2012

I helga er det fastelaven, og som vanleg har Todalen Sanitetsforening laga opp ein heil del fastelavensris som dei i løpet av helga selger på Ica Nær, Todalen. Ein tradisjon som Norske Kvinners Sanitetsforening starta opp med i 1946 og som har heldt seg sia. Som de ser av bildet er det alltid god stemning […]

Les heile saka

DA CAPO SHOW i Kulturhuset

DA CAPO SHOW i Kulturhuset

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. februar 2012

DA CAPO SHOW med VIDAR LØNN ARNESENog PHILLIP KRUSE er et program der den kjente og kjære programlederen fra så vel radio som TV drar i gang sitt publikum med allsang-melodier. Programmet er basert på TV-serien med samme navn som var så populært på 90-tallet og inn i det nye århundret. Det skjer i Surnadal kulturhus mandag 20. februar kl 13.00 – midt på dagen!

Les heile saka

Månadens bilete: Morgengry på årets siste dag

Månadens bilete: Morgengry på årets siste dag

Ole Petter Talgø Torsdag 16. februar 2012

Årets første månadens bilete ble eit bilete tatt heilt på slutten av forrige år, nemleg biletet «Morgengry på årets siste dag» av Ingri Bruset. Vi gratulerer, og lovar at premien blir overbragt snart.

Les heile saka

Tradisjon med lunsj

Tradisjon med lunsj

Dordi Jorunn Halle Tysdag 14. februar 2012

Todalen Bondelag har ein fin og god tradisjon: Kvart år i februar kjem dei til oss på oppvekstsenteret og serverer lunsj – eit «kjøle» populært besøk både blant små og store. Det starta opp for snart 20 år sidan (trur vi) – utgangspunktet var eit prosjekt med sunn matpakke. I dag har dei fokus både på «kortreist» og sunn mat: heimebaka brød frå Steinarstua, egg frå Pestuå, jogurt frå Utigarden og lokal mjølk i kakaoen. Sunt pålegg og grønsaker er ein del av måltidet.

Les heile saka

Frå Todalen til Hell

Frå Todalen til Hell

Elinor Bolme Tysdag 14. februar 2012

Da er vi klar med nok et blogginnlegg her på todalen.no. Denne gongen skal vi nordover til Hell og Ingrid Trøå. Vi oppfordrer også andre til å sende inn om de har noe å meddele. Om det er fortvilelse over sørpeføre eller bakglatte ski spelar ingen rolle. Det er heilt sikker nokon der ute som sitt med ei god historie eller noko anna å underhalda oss med. Vi er takksame for alle bidrag.

Les heile saka

Fritidsklubb på onsdag

Fritidsklubb på onsdag

Elinor Bolme Måndag 13. februar 2012

Start 4H har starta oppatt med fritidsklubben på Bordholmen. Det er opne dører førstkommande onsdag klokka 18 og utover. Her er det muligheiter for ulike spelvariantar og rå for å kjøpe seg noko godt i kiosken. Fritidsklubben vert arrangert annakvar onsdag framover.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for januar

Stem på månadens bilete for januar

Ole Petter Talgø Måndag 13. februar 2012

Litt forsenka kjem her sjansen til å stemma fram månadens bilete for januar. Mykje fine vinterbilete har vi fått inn, og det er sjølvsagt ikke noko problem med å sende inn vinterbilete utover året.

Les heile saka

Snart siste reis for «Nordstjernen»

Snart siste reis for «Nordstjernen»

Jon Olav Ørsal Måndag 13. februar 2012

«Nordstjernen» er det eldste hurtigruteskipet som framleis er i fart langs kysten, på ruta mellom Bergen og Kirkenes. No er snart tida komen for å gi seg, og 11. mars legg «Nordstjernen» ut på siste rundturen. Da kjem Finnmarken att frå Australia og tek over ruta . Dette blir nok ein minnerik tur, og mange kjem nok til å møte opp på hurtigrutekaia for å ta avskjed med den gamle slitaren, seier todalingen Jon Are Husby som er hotellsjef om bord på «Nordstjernen». Han skal være med på den siste hurtigruteturen til den gamle og ærverdige båten.

Les heile saka

Klar med russerevy

Klar med russerevy

Jon Olav Ørsal Sundag 12. februar 2012

Surnadalsrussen er klar med årets russerevy som dei har kalla «Dommens time». Det er premiere onsdag 15. februar, og det foregår i Storstuå på kulturhuset. I år er det sett opp fire framsyninger, frå onsdag til og med laurdag. Det er i skrivande stund ledige billettar til alle framsyningane, så dersom dy har ønskje om ein bestemt kveld så lønner det seg å vera kjapp til å kjøpa billett. Russen er no kome i til innspurten i øvingane, og lovar at det skal bli mykje moro. Du kan kjøpe billett på nettet eller i kulturhuset. Les også kva Trollheimsporten.no skriv om årets russerevy.


Mildvêret fortsett neste veke

Mildvêret fortsett neste veke

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. februar 2012

Mildvêret dei siste dagane har gjort at vegen er på det nerast bar utover stranda. Men det er ein god del is i vegkanten, og det lønner seg å være litt forsiktig når du kjem rundt svingen. Det kan plutseleg ligge is i vegbanen. Langtidsvarselet på Yr.no lovar mildvêr og regn fram til neste helg, da det blir kaldare og går over i snø. Rundt bygda er det ein god del is i vegbanen, og dermed noko sporete. Kjør forsikig, for det oppstår lett farlege situasjonar. Kanskje Kolo Veidekke kan ta en tur med vegskråpa og ordne på dette?