Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kårvatn: Stort haustsalg startar laurdag

Kårvatn: Stort haustsalg startar laurdag

Jon Olav Ørsal Fredag 4. oktober 2013

Laurdag går startskotet for det store salget ved Kårvatn fjellutstyr. Stengte vegar har gjort at det er mykje sommarvarer att, så det er vel verdt å ta turen opp til «butikken på låven», som denne helga også er open på søndag. Massevis av varer er lagt fram for salg i butikken, og det er nok mang ein godbit å finne i det store vareutvalet som skal ut på billigsalg med 20-80 % avslag. Og vegen den er open heile helga, både FV671 inn til Todalen og vegen opp til Kårvatn som fram til fredag ettermiddag er steng på grunn av vegarbeid.

Laurdag er butikken open frå kl 10-17, medan søndagens opningstid er fra kl 12 til kl 17. I neste veke er det igjen ordinær opningstid frå 10-17 med langdag på tysdag frå 10 til 19. I helga vil det også bli open «Cafe», med med bakels med graut og andre kaker til kaffe’n.  Her kan du lastre ned tilbudsannonsen der du finn oversikt over varene som skal ut på saalget og rabattane du kan oppnå. Ta ein helgatur til Kårvatn fjellustyr, så finn du mange gode tilbud.

Først publisert: 4. oktober 2013, 20:04 - Sist oppdatert: 5. oktober 2013, 08:55