Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Premieredag for Kristoffer

Premieredag for Kristoffer

Jon Olav Ørsal Sundag 6. oktober 2013

Jakt er slett ikkje noko nytt for Kristoffer, og han er forlengst ein habil rypejeger. Han har alt fått mange ryper i frysaren denne hausten også. Men i dag flytta han nok grensa litt ekstra, da han fikk elgen på post under elgjakt på Terråk i Nordland. Men med eit velretta skot gikk elgkua rett i bakken og var ferdig. Dermed var det første elgfallet eit faktum.

kristoffer fortel til Todalen.no at han fikk beskjed om at det var elg på veg over radioen, og var førebudde på at det kom dyr. Det var to dyr som kom, ei elgku og ei fjorsku. Elgkua fall som sagt etter første skotet, men da han skulle prøve det andre dyret klikka geværet.  – Det var litt utgjort, men den vart felt litt etterpå, men da av ein anna post.

Da var det berre å finne fram kniven for å vomme ut elgkua, og det hadde eg ikkje prøva før, men fekk god hjelp og lærte nyttige knep av jaktkompisen Arne Rudningen, avslutta Kristoffer Nordvik.

Publisert: 6. oktober 2013, 17:28