Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tonekveld i kyrkja

Tonekveld i kyrkja

Jon Olav Ørsal Måndag 5. mars 2012

Onsdag kveld (7/3) kl 19.30 er det klart for tonekveld som dei har kalla «Salmeskatt i jeans & bunad». Det skjer i Todalen kyrkje, og det er Bernt Bøe med Todalskoret og Åsskard kyrkjekor som vil underhalde oss med song og musikk kvelden. Dei har og med Sigrid Bøe, Daniel Bjørlo og Torgrim Tunes denne kvelden. På plakaten står det at vi får høyre Tangorytmer og Bach-korat, Spiritual og Bibelsalme, Folketone og klassisk, velkjent og nytt, allsong og korsong, solo og orgelmusikk, samt kåseri og opplesing. Med andre ord ein allsidig kveld med mykje kultur.  – Og etterpå serverer soknerådet kaffe i kyrkja.  Her finn du plakaten.


Velværesentret flyttar inn i nye lokale

Velværesentret flyttar inn i nye lokale

Jon Olav Ørsal Måndag 5. mars 2012

Surnadal Velværeseter har ”vokst ut” av lokala dei har i 2 etasje på Landbrukshuset, og er no på flyttefot, fortel dagleg leiar Ann Kristin Bruset. Men dei flyttar ikkje langt, berre på baksida av bygget til Landbrukshuset. Her får dei nye og fine lokale og mykje meir plass. Da velværesentret opna i oktober 2006 hadde dei 300 m2 til disposisjon, medan dei no vil få heile 700 m2 å boltre seg på. Torsdag 7. mars kl 18.00 er ordførar Mons Otnes klar til å klippe snora.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for februar

Stem på månadens bilete for februar

Ole Petter Talgø Sundag 4. mars 2012

Då var det tid for å bestemme kva for bilete som var mest populært i årets siste vintermånad, og stemme fram månadens bilete for februar. Snø og vinter er gjennomgangstema i bileta, men vi ser tendendar til sol og lysare tider. Framover blir det enda lysare, og vi satser på mange spennende bilete i månadane som kjem.

Les heile saka

12 av 100 ting å gjera

12 av 100 ting å gjera

Elinor Bolme Sundag 4. mars 2012

Vårsøg Hotell har i desse dagar reklamert med si nye brosjyre «100 ting å gjera i Surnadal». Todalen.no har teke ein titt i den, for å sjå om kanskje Todalen var representert med ei og anna opplevinga som er verdt å nemne. Og visst var Todalen nemt, heile 12 ulike «ting å gjera» har hotellet lagt hit inn. Og tek vi med Nordvik i tillegg kjem ein opp i 16 ulike alternativ frå fartsfylt moro, for den aktive, aktivitetar for alle, festivalar, inspirasjon, guida turar, sightseeing, shopping, kultur, tid til å leva og mat og drikke.

Les heile saka

Premieresuksess for «Stemmer fra Surnadal»

Premieresuksess for «Stemmer fra Surnadal»

Jon Olav Ørsal Sundag 4. mars 2012

Endeleg var det klart for lansering av CD og premierekonsert for det lokale musikkprosjektet ”Stemmer frå Surnadal”. Det er Rune Dalager og Jostein Ansnes som har stått attafor dette prosjektet og det har vore jobbe meir enn eit år med å få alt på plass. Laurdag kveld var det duka for plateslepp og premiere konsert i Storstua i Surnadal kulturhus. Det vart ei kjempeoppleving for oss som var tilstades, men må tilstå at eg er litt forundra over at rundt 100 plassar sto ledige i Storstua.

Les heile saka

På tynn is ……

På tynn is ……

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. mars 2012

I dag tidleg var det ein tynn issnerk på Todalsfjorden. Det var nok såvidt kuldegrader i løpet av natta, men det var nok kombinasjonen av mykje kaldt ferskvatn etter all nedbøren dei siste dagane og fullstendig vindstille som gjorde at det det vart ein tynn issnerk. Trur neppe det er tilrådeleg å dra ut på […]

Les heile saka

Restaurering av gamle hus – AVLYST

Restaurering av gamle hus – AVLYST

Jon Olav Ørsal Fredag 2. mars 2012

Surnadal kommune vil arrangere eit kurs i restaurering av gamle hus. Onsdag 7. mars kl 20.00 held dei orienteringsmøte om kurset på Kommunehuset i Surnadal. Det er rådgjevar ved Husasnotra, Jon boyer Godalsom vil orientere om kurset. Målgruppa for kurset er handverkarar/snekkarar som skal utføre arbeidet, søkjarar på SMIL-ordninga og andre eigarar og interesserte.

Les heile saka

CD-slippkonsert – «Stemmer fra Surnadal»

CD-slippkonsert – «Stemmer fra Surnadal»

Jon Olav Ørsal Fredag 2. mars 2012

Lørdag 3. Mars 2012 klokken 20.00 er det duket for en heidundrende konsert med det ypperste av sangere og musikere fra Surnadal i Storstuå på kulturhuset på Skei, hvor det vil bli urpremiere på alle de 13 låtene fra det helt nye Surnadals-albumet ”Stemmer fra Surnadal”. I tillegg blir det naturligvis mulighet for å kjøpe et rykende ferskt eksemplar av CD-en.

Les heile saka

Snømangel og dårleg ver gir fleire avlysingar

Snømangel og dårleg ver gir fleire avlysingar

Elinor Bolme Torsdag 1. mars 2012

Førstkommande lørdag var det meininga at Skigruppa i Todalen skulle stå for arrangering av sonerenn. Men som de ser av bildet frå tenkt målområde ved Todalen Oppvekstsenter frå i går ettermiddag er føret i dårlegaste laget. Leiar Jorid Haugen Ansnes og resten av skigruppa ser seg difor nøydd til å avlysa. Men det er ikkje berre […]

Les heile saka

Vi er på nettet igjen!

Vi er på nettet igjen!

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. mars 2012

Todalen.no er forlengt komne på nettet igjen. Nettstaden fall ut i går kveld på grunn av serverfeil, og har ikkje vore tilgjengeleg for redaksjonen eller lesarar før utpå ettermiddagen i dag. Det er nok mange som har prøva å kome inn på nettsida, og vi beklager sterkt at det ikkje har vore muleg. No ser det imidlertid ut som alt fungerer som det skal, og at vi etter kvart kjem i normalt drift igjen.


Årsmøte i Nordvik grendalag

Årsmøte i Nordvik grendalag

Sverre Kjølstad - tekst og foto Torsdag 1. mars 2012

Nordvik grendalag avviklet sitt årsmøte tirsdag kveld den 28. februar, med 14 frammøtte. I tillegg til vanlige årsmøtesaker var Anne Polden kommunens representant for å orientere om skilting i marka, og hvilke muligheter kommunen har til å bidra økonomisk med dette prosjektet. Hun kom også inn på at det kan være flere muligheter for å søke andre instanser om midler. Dette er et ganske omfattende prosjekt med tilrettelegging av bedre veier til de mest aktuelle stedene, blant annet vei for rullestolbrukere fra parkeringsplassen og til Nordviksetra. I første omgang er det skilting til Åsbøsnyta og Nordviksula som har første- prioritet. Samtidig er det også planlagt skilting til gamle kulturminne.

Les heile saka

Frode vart hedra for årets bilde

Frode vart hedra for årets bilde

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. februar 2012

På årsmøtet i Todalen.no fekk Frode Grønmyr heider for «Årets bilde 2011». Med det flotte kveldsmotivet fra Steinarstusetra i Romådalen gikk han heilt til topps i konkurransen om årets bilde for 2011, og fekk ein innrama kopi i storformat som premie. Det var rundt 25 deltakarar som deltok på årsmøtet, som vart halde i Todalen ungdomshus tysdag kveld.

Les heile saka