Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hausttur til Fagerlidalen

Hausttur til Fagerlidalen

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. oktober 2013

Hausten er den finaste tida i fjellet, og i år har også vêrgudane vist seg frå si beste side. Det har gjort at det har vore ein nytelse å gå i fjellet, både for kropp og sjel. Lite nedbør har gjort at det er fin å ferdast og det er ikkje noko problem å kome over elvane. Åshild og Trygve Halle har vore på sin årlege tur til Fagerlidalen for å sjå om Tælehytta og for å prøve fisket i Fagerlidalsvatna.

Det er ganske langt å gå, og dei delte derfor etappen i to, med overnatting på setra i Romadalen på vegen til og frå Fagerlidalen. Det er fin aure i Fagerlidalsvatna, og der fiska dei både med garn og snøre både for å sikre seg middag og for å legge ned litt rakaure til vinterbruk.

Nedafor finn du eit bildegalleri, med bilder frå turen til Fagerlidalen.  Alle foto: Åshild og Trygve Halle

Publisert: 5. oktober 2013, 11:37