Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Maursund er heime i Harstad

Maursund er heime i Harstad

Jon Olav Ørsal Måndag 12. august 2013

Torsdag morgon tikka det inn e-post med helsing frå mannskapet på Maursund. I dag tidleg passerte dei Tranøy fyr i Vestfjorden, og hadde ikkje så langt att før dei var heime i Harstad. Styrmann Rune Straamyr skriv at dei har hatt ein fin tur nordover, og skriv vidare: «Turen hjemover har vært en flott reise i et nydelig vær. Vi hadde noe regn frem til passering av Rørvik. En opplevelse har denne perioden hos dere i Todalen vært. Å kunne hjelpe til i den sitvasjonen dere var i, gir oss en god følelse.

Les heile saka

Nye rutetider frå 13.8.13

Nye rutetider frå 13.8.13

Elinor Bolme Måndag 12. august 2013

Da er nye rutetider med hurtigbåt Tollesund og bilferge Førdefjord oppsett og utsendt frå Surnadal kommune. Bilferga går gratis kun dei 7 første dagane, og pasasjerane må betale sjølv etter dette. Todalen.no har naturlegvis takstane på dei ulike prisene.

Les heile saka

Snart klar for «prøvekjøring» – oppdatert

Snart klar for «prøvekjøring» – oppdatert

Jon Olav Ørsal Måndag 12. august 2013

Frå tysdag morgon ligg det no til rette for at ferja «Førdefjord» kan starte trafikken mellom Todalen og Kvanne. Det er no nærast berre finpussen som står att, og dersom alt går etter plana vil «Førdefjord» ta ein prøvetur i løpet av kvelden. Da får ein testa at alt fungerer som det skal, før ferja blir sett inn i trafikk, fortel anleggsledar Petter Husby frå Vegvesenet. Førdefjord er i skrivande stund (kl 18.00) på veg ut Nordsundet i Kristiansund, på veg til Todalen for å prøve den nye kaia.

Les heile saka

Veit du om Myrråkbolten?

Veit du om Myrråkbolten?

Jon Bruset, tekst og foto Måndag 12. august 2013

Mange har sikkert hørt om eller sett bilde av Kjeragbolten ved Lysefjorden i Rogaland. Vår lokale “bolt” oppi juvet til Myrråkja er i litt mindre målestokk, og sikkert ukjent for mange. Den er å finne omtrent midt i lia i oppstigninga frå Hardholten til Storfjellet. Er ikkje synleg frå stien på austsida av elva, men er lett å sjå om ein går den gamle stien på andre sida.

Les heile saka

Hagelaget til Trondheim på inspirasjonstur

Hagelaget til Trondheim på inspirasjonstur

Sverre Kjølstad Måndag 12. august 2013

Surnadal Hagelag gjennomførte den årlige sommerturen lørdag 10. august under kyndig ledelse av nestleder i hagelaget, Ildri Skuggevik. Ildri viste også fremragende egenskaper som guide da hun loset oss gjennom Trondheim by med stengte gater pga. veiarbeid, og mange omkjøringer for å finne fram. I overkant av 30 personer, mest damer, hadde benket seg i bussen da vi startet fra Skei kl. 8. Denne gang gjekk turen til Malvik, Ringve og Bakklandet.

Les heile saka

Tysdag: Siste bailldag på Todalshytta i år

Tysdag: Siste bailldag på Todalshytta i år

Jon Olav Ørsal Måndag 12. august 2013

Det går mot sesongslutt på KNT Todalshytta for i år. Siste bailldag blir tysdag 13. august, så da blir det siste sjangse for å kjøpe Åses potetball på Todalshytta. Siste dag Todalshytta er døgnopen blir søndag 18. august. Etter den datoen kan Åse ta i mot private arrangement eller overnattinga berre etter avtale. Nytt derfor høvet til  å delta på årets siste balldag på Todalshytta, anbefaler vi!


Står på for å få ferjekaia klar…

Står på for å få ferjekaia klar…

Jon Olav Ørsal Sundag 11. august 2013

På ferjekaia ved settefiskanlegget har det vore jobba heile helga for å få anlegget operativt. Det står enno att ein del monteringsarbeid, og så skal det fylles opp med masse slik at nivået på vegen blir rett i forhold til ferjelemmen. Dette arbeidet vil kanskje starte i ettermiddag så nar det blir rydda plass, fortel byggeledar Petter Husby i Vegvesenet.

Les heile saka

Snart er oppdraget ferdig…

Snart er oppdraget ferdig…

Jon Olav Ørsal Sundag 11. august 2013

Laurdag morgon vart det tid for eit lite «fjordcruise» med «MS Maursund» på første avgangen frå Todalen. Turen hadde dobbel hensikt; å få ein prat med mannskapet og for å kome nærare rasstaden for å få betre bilde av helikopteret og vassbombinga som var i full gang. Var eigentleg spent på om det kom så mange bilar og passasjerar som skulle væra med at det kanskje ikkje var plass, men med 4 bilar var ikkje det noko problem.

Les heile saka

Ingvar feira nitti!

Ingvar feira nitti!

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. august 2013

I kaffekroken på Halsbua vart det feiring med blautkake i dag. Ingvar Øyen fylte nemleg 90 år den 10. august, og slike dagar med runde tal er det naturleg å feire litt. Ingvar er «still going strong» og kom køyrande på handel i bilen sin til den enkle feiringa i Kaffekroken. Han røpa at han skulle feire litt saman med familien seinar på dagen.  Vi gratulerer Ingvar så mykje med dagen!


Vassbombinga av rasstaden er ferdig

Vassbombinga av rasstaden er ferdig

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. august 2013

Helikopteret som fredag og laurdag har bomba rasområdet for å få ned lausmassar, avslutta i arbeidet ettermiddag arbeidet og dro heim. Dei hadde på langt nær fått ned alt, men det hadde vorte eit alt for omfattande prosjekt. Det ville teke ei veke, eller kanskje meir. Difor avslutta dei no bombinga med vatn, og sendte laurdag folk fra Betong Renovering Drift inn i området for å fortsette ryddearbeidet.

Les heile saka

Ferjekaia blir montert i helga.

Ferjekaia blir montert i helga.

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. august 2013

Ferjekaia som i ettermiddag har vore under slep inn til Todalen er no komen fram, og er no under montering. Den gamle sandkaia skal være fundament for den nye ferjekaia, og det har i går og i dag vore gjort førebuingar til å ta i mot den nye ferjekaia.

Les heile saka

Eit par timar til med bombing

Eit par timar til med bombing

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. august 2013

Da vi snakka med helikoptermannskapet laurdag føremiddag var dei godt nøgt med resultatet av bombinga, og mente at dei skal være kome langt med jobben om eit par timar. Da er det grovaste gjort, og da må resten av jobben med sikringa gjerast manuelt. Mannskap er alt no floge inn for å starte jobben med å rense og sikre rasstaden, slik at ryddinga av vegområdet kan starte.