Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Saniteten markerer fastelavn

Jon Olav Ørsal Fredag 28. februar 2014

Det bugna formeleg av fastelavnsris på Matkroken i ettermiddag. Saniteten er sjølvsagt i rute med salgs av fastelavnris i flotte farger, og ein slik kan bli din for ein 50-lapp. I tillegg kan du få kjøpt fastelavnfjør for å pynte opp sanitetstreet ved bensinpumpene til HalsOil.

Sanitetstreet_0305

Kjøp fjør og bli med og pynt sanitetstreet. Foto: Jon Olav Ørsal

Og ikkje nok med det, for i tillegg kan du få kjøpt lodd på eit kunstverk av Inga Dalsegg for ei 10-er. Fredag ettermdiddag var det May Elisabeth Holten og Ragnhild A. Moe som var der frå Saniteten. Det blir også folk der laurdag, og dersom vårvêret fortsett så blir det utearrangement med boller og kakao utafor butikken utover dagen. Støtt saniteten og bli med og marker fastelavn både i heimen og på «sanitetstreet» ved HalsOil.

Publisert: 28. februar 2014, 18:11