Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Omveg til Skihytta, om du skal på Kjerringdilt

Omveg til Skihytta, om du skal på Kjerringdilt

Elinor Bolme Måndag 2. april 2012

Arnt Ivar Brønnbo melder i dag at den lova oppkjøyrde skutertrasseen til Kjerringdilten heng i ein tynn tråd. Idrettslaget sin skuter er ute av drift grunna ein oljelekasje, og i tillegg er føret av slik karakter at det er bortimot umuleg å ferdast til fjells no. Det har dei siste døgna snøa mykje både på fjellet (ca 70 cm) og nede i bygda, noko som gjer det vanskeleg med tanke på å komme seg opp om veret fortsett som no.

Les heile saka

Brudd i ein fiberkabel

Elinor Bolme Måndag 2. april 2012

Fleire har dei siste timane hatt problemer med internett tilgangen. Kundesevice hos Svorka Aksess fortel til todalen.no no at dette skyldast eit ras på Sunndalsøra. No skal denne feilen vera retta, då dei har fått abonnentane over på ei reserveløysing til den ordinære fiberkabelen blir reparart.

Les heile saka

Jobb hos Talgø?

Jobb hos Talgø?

Jon Olav Ørsal Måndag 2. april 2012

Talgøkonsernet ekspanderer videre, og søker nå etter «Salgs- og markedskoordinator» til hovedkontoret i Todalen. I stillingsbeskrivelsen står det at «Stillingen får oppgaver som vil ligge i skjæringspunktet mellom  salgsorganisasjon og marketingavdeling og rapporterer til salgssjef».  Her kan du laste ned stillingsannonsen som PDF-dokument. Søknadsfristen er 16. april.


Langfredag: Kjerringdilten på skihytta

Langfredag: Kjerringdilten på skihytta

Jon Olav Ørsal Sundag 1. april 2012

Todalen I.L. inviterer alle til Skihytta langfredag. Da er det tradisjonell «Kjerringdilt» og hytta har open kiosk med salg av forfriskningar. Rennet startar kl 13.00. Kjerringdilten går på idealtid, og det er sett opp ein fin vandrepokal til den som kjem nerast idealtida, melder T.I.L., trimgruppa. Det blir også høve til å ta skimerket denne dagen.  Det blir oppkjørt spor opp Øyalia og frå Innerdalsmerket.  Møt opp og bli med på ein triveleg skidag på Skihytta, oppfordrar Trimgruppa. Her kan du laste ned plakaten som PDF-dokument.


Todalen kyrkje i påska 2012

Todalen kyrkje i påska 2012

Jon Olav Ørsal Sundag 1. april 2012

Todalen sokneråd minner om aktivitetane i påska 2012. i Todalen kyrkje er det kveldsgudsteneste skjærtorsdag kveld kl 19.30. Da er det nattverd.
Seinare i påska er det friluftsgudsteneste på Haugligardane, 2. påskedag kl 12.00. Her deltek også Todalskoret og Trimgruppa i Todalen I.L. sørgjer for litt grillkos etter gudstenesta. Dersom det blir dårleg vær blir arrangementet flytta til kyrkja. Plakaten kan du laste ned her.


Snøskredvarsel for Trollheimen

Snøskredvarsel for Trollheimen

Jon Olav Ørsal Sundag 1. april 2012

Det store snøfallet siste døgn har gjort at det er utstedt snøskredvarsel for Sunndalen og Trollheimen. I Todalen er det kome minst 30 cm blaut nysnø og i fjellet er det muligens kome meir. Dette skaper stor snøskredfare og folk blir oppfordra til å vere ekstra forsiktig.  Her finn du meir info om snøskredvarselet på yr.no. Vermeldinga på yr.no finn du her.


Alternativ trening i ei «innepåske».

Alternativ trening i ei «innepåske».

Jon Olav Ørsal Sundag 1. april 2012

Været i helga, og vêrmeldingane i dagane som kjem, er ikkje akkurat så innbydande for for uteaktivtetar. Har du behov for å bruke energi og få rørt på kroppen, så kan vi anbefale å ta ein tur til Surnadal trenings- og velværesenter! Dei arrangerer ein skikkeleg innedag på sentret tyrsdag 3. april. Da opnar dei senteret for ekstra trening, og dei sel «drop in» for kun kr. 50,-, og melder at resepsjonen er bemanna frå kl 09.00 – 20.00.

Les heile saka

Naturen spilte ikke på lag med Båtforeningen…

Naturen spilte ikke på lag med Båtforeningen…

Lars Stensby Sundag 1. april 2012

Todalen Båtforening hadde kalla til arbeid i båthavna lørdag 31. mars.  7 medlemmer møtte opp for å fjerne rekved, tang og andre uhumskheter som stormen Dagmar hadde lagt igjen etter sine herjinger. Alt var imidlertid skjult under et jomfruelig lag nysnø, og havna så ut som et julekortmotiv. Det viste seg helt fånyttes å prøve […]

Les heile saka

Vil refundere telefonrekninga

Vil refundere telefonrekninga

Jon Olav Ørsal Sundag 1. april 2012

Siste ord er ikkje sagt enno i telefonsaka da både mobiltelefonar og fasttelefon i Todalen var ute av drift i 6 dagar i februar. Det var i tidsrommet 17. – 23. februar at heile bygda var utan telefondekning, da både fasttelefon og begge mobilnetta var ute av drift. Surnadal kommune tok omsider fatt i saka, og etablerte naudtelefonkontaktar for IP-telefoni og satellittsamband i bygda. Ordførar Mons Otnes seier til Todalen.no at han har følgt opp denne saka, og etter fleire rundar med forhandlingar har han fått til ei løysing med Telenor, der dei vil refundere heile telefonrekninga for 1. kvartal i år. Dette gjeld både Telenors fastnett og mobilnett, men omfattar ikkje dei som har Netcom abonnement.

Les heile saka

Dalavegen – fortsatt stengt

Dalavegen – fortsatt stengt

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. mars 2012

Det ser ut til at rasstaden i Falla har stabilisert seg, men vegen er framleis stengt på grunn av rasfaren. Stengt er også gammelvegen opp Falla for andre enn oppsittarane ovafor rasstaden. I løpet av natta har det kome 10-15 cam nysnø, og det har nok gjort den usikra gammelvegen enda farlegare å trafikkere. Vêrmeldinga utover dagen er opphald, men yr.no melder om meir regn til natta og etter kvart ein kaldare vêrtype og snø til søndag.

Les heile saka

Skjærtorsdag: Tradisjonelt seterrenn

Skjærtorsdag: Tradisjonelt seterrenn

Sverre Kjølstad Fredag 30. mars 2012

Påsken nærmer seg med stormskritt, og på Nordvik er man i full gang med å planlegge det tradisjonelle seterrennet på skjærtorsdag som i år arrangeres for 84. gang. Det har sett dårlig ut med skiføret på setra i år, men i dag har snøen lavet ned, og vi krysser fingrene og håper på mere snø fram til skjærtorsdag. Imidlertid har vi en alternativ løsning for arrangementet hvis det ikke blir nok snø. I 2003 var det også snømangel på setra, og da ble det gjennomført konkurranse med natursti, snøballkasting og kringelhauking.

Les heile saka

Gjorde stas på jubilanten…

Gjorde stas på jubilanten…

Jon Olav Ørsal Fredag 30. mars 2012

Torsdag kveld vart Sigrun Ørsal gjort stas på av Dametrimmen. Forleden feira ho 75-årsdag, og da tykte medlemane i Dametrimmen at det var ei høveleg anledning til å feire litt på siste trimkvelden før påske. Denne kvelden var det 11 spreke damer som møtte opp, men May Elisabeth Holten fortalte at dei kan vere opptil 17-18 på trimkveldane i Todalen oppvekstsenter. Og dei er ikkje akkurat nybegynnarar, for dametrimmen har halde på sia 60-talet ein gong. Men Sigrun har vore med heile tida, og er med for fullt enno!

Les heile saka