Kutt i antall årsverk, sammenslåing av skuler og utsettelse av både sentrumsplan og utbygging av Øye skule. Dette var nokre av tiltaka rådmann Knut Haugen la fram for politikarar, tillitsvalgte og administrasjonen i Surnadal under budsjettkonferansen 23. og 24. september på Smøla.
Les heile saka
Bibliotekar Karen Johanne Talgø melder om at biblioteket ved Todalen oppvekstsenter held stengt førstkomande torsdag grunna stemmerettsarrangementet på Gammelfabrikken.
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal reiser tirsdag 22. oktober til Todalen der Olina Halle tek i mot. Ho har tromma saman ein gjeng med dansarar frå området. Arkivet skal filme og intervjue dansarane og håper mellom anna å få sjå: Polsdans, springar, polka med stæt, halling osv.
Les heile saka
Den nye salmeboka, musikktalent, bryllaupstonar og korsong står på menyen når Stangvik kyrkje opnar for ein variert musikkveld onsdag. Allsongen er viktigast – for her skal alle få smake på den nye salmeboka. Både velkjende og nye songar får sleppe til. Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor har alt mange nummer frå «Norsk Salmebok 2013» på programmet sitt og gir korversjonar av desse attåt andre korperler.
Les heile saka
Stavgangruppa i Surnadal pensjonistlag trossa sluddbyene og la ut på årets siste stavgangtur frå Vang skiarena på Kvanne sist fredag. Turen etter gammalvegen mot Stangvika vart kanskje litt nedkorta, men det var ein skikkeleg friskt vêrtype da dei kom att og benka seg rundt kaffebordet i klubbhuset. Da var det godt med varm kaffe og nystekte bakels, som stavgangstyret hadde sørgja for.
Les heile saka
Det var god stemning da Byggmakker Surnadal inviterte til damenes aften torsdag kveld. Dette er eit årleg «høgdepunkt», og eit stort hundretal damer sette kvarandre i stemne når dei fekk presentert nyheiter om måling, tapet og design og anna som er det «hotteste» på interiørfronten akkurat no. Ellers var nok Ida Dønheims innslag om vin og tapas med tilhørande smårettsmaking populært innslag.
Les heile saka
Nok ei avstemning for månadens bilete er avslutta, og for september kan vi gratulere Lisabeth Svinvik som vinnar av månadens termos, med biletet «Rypejakt i solnedgangen». Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning.
Les heile saka
Søndag 20.oktober er årets TV-aksjon NRK. I år går innsamla middel til Nasjonalforeningen for folkehelsa sitt arbeid med demens. Over 70 000 mennesker i Norge har Alzheimer eller ein anna demenssykdom. I løpet av dei neste tiåra vil antallet fordobles. Ta vel i mot bøssebærarane som kjem på døra. I år som i alle år før, […]
Les heile saka
Historielagets årsskrift er klart til trykkjing. Det er nr 12 i rekkja, og dersom alt går etter plana skal det være klart for salg den 24. november når Todalen historielag inviterer til bokbad og premiere i ungdomshuset. Årsskriftet er nummer 12 i rekkja med presentasjon av mykje interessant og artig Todalshistorie mellom permane.
Les heile saka
Ragna og Line Kvendset ønsker alle velkommne til familiedag kommande laurdag i Skulstuå.Her blir det høve til å få ein prat over ein kopp kaffe, og noko godt å bite i. Teiknekroken og uteleik for ungane.
Åpent frå 12-15.
I den senere tid har det vært stor aktivitet på anleggsektoren på Nordvik. Arne Gjeldnes har vekslet mellom tomta til Anja Nordvik og Morten Haga, og restaurering av avkjørselen til Slettnesveien. Denne avkjørselen har ikke vært god, og spesielt på vinterføre har det mange ganger vært problematisk og komme inn på F.V. 671. Anleggsvirksomheten krevde flytting av posthuset og en garasje, noe Ola Røe tok seg av.
Les heile saka
Talgø er på plass på den store byggevaremessen Bygg Reis Deg på Lillestrøm for å lansere en revolusjonerende nyhet: G-FIX – som er et system for innfesting av utforinger ved hjelp av klips, – uten boring og skruing. Systemet gir økt fleksibilitet og halverer monteringstiden. I tett relasjon med byggevarekunder, proffkunder og leverandører har kompetanse, erfaring og mangeårig jobb ledet fram til dette nyskapende produktet som Talgø med stolthet står bak.
Les heile saka