Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fiber til Kvennsetøran i løpet av sommaren

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. mai 2014

Det var godt og varmt for gravegjengen frå Svorka Aksess i dag. Ola Halle på gravemaskina og Erik Ranes i grøfta jobba med å legge rør til fibernettet i Kvennsetøran boligfelt. De siste par vekene er det lagt rør fra transformatoren innafor Trøa, og gjennom boligfeltet i retning Sissigrenda. Når dei har fått unna jobben vil det etterkvart bli «blåst inn» fiberkabel med trykkluft, før monteringsarbeidet for hver enkelt abbonnent kan starte.

DSC_1795

Her går grøfta i vegkanten utover boligfeltet. Den tynne røra er tilføring til spredenettet til kvart hus. Foto: Jon Olav Ørsal

Gravemannskapet la ned ei tjukk rør til matekabelen, i tillegg vart det lagt ei tynn rør som skal huse spredenettet fram til veggen hos abbonnentane. Dei har no jobba seg gjennom boligfeltet, og dei har nok vore litt på «tå hev » med gravemaskina for å unngå å kome borti telefon- og strømkablar som allereie ligg der.  Ola Halle fortel at dei har kutta ein telefonkabel på si ferd gjennom feltet. Den låg heile 23 meter unna markeringa på kartet, og da er det ikkje så enkelt. I tillegg har dei prøva å være forsiktig, for at blomsterbed og plener skal få minst muleg skade.

Svorka_rorlegging_1800

Den tjukke røra er til matingskabelen, medan de tynne rørene skal huse fiberkabelen til den enkelte abbonnent. Foto: Jon Olav Ørsal

Håkon Solvik på Svorka Aksess fortel at dei har gjort avtalar med rundt 20 abonnentar i boligfeltet om å installere fiberkabel for datatrafikk og kabel-TV. Dette er ei stor investering, og det krev at abonnentane bidreg med eit annleggsbidrag på kr 5.000 i dette prosjektet. Da får du fiberkabelen inn i huset, der det blir montert eit multimodem, som kan sørge for signal både til TV’n og til datatrafikken. I tillegg blir det sjølvsagt ein månadleg kostnad på kr 649,- for datatrafikk og eit antal TV-kanalar.  Ei løysing med totalpakke er nok den beste og billegaste løysinga du kan få i dag, meiner Solvik. I løpet av sommaren håper Solvik at dei får montert ferdig installasjonane til alle boligane i boligfeltet. Etterpå står Sissigrenda og Talgøfabrikken for tur, og meir rekk dei nok ikkje i år.

Det er no lagt matingskabel opp til transformatoren ved Todalshytta. Når resten av bygda kan få installert fiberoptisk kabel er Solvik usikker på, men han oppmodar folk til å melde sin interesse hos svorka Aksess, slik at dei kan skaffe seg oversikt.  Dersom det er grisgrent kan nok anleggsbidraget bli litt høgare, men dersom ein sørgjer for gravinga sjølv kan det og bli redusert pris for det. I allfall ser det her snakk om 2015, før installasjon startar oppover bygda. Vi har fleire prosjekt på gang, og det vil nok være spørsmål om monteringskapasitet også, seier Håkon Solvik til slutt.

 

 

Først publisert: 22. mai 2014, 05:00 - Sist oppdatert: 21. mai 2014, 21:37