Onsdag gikk det første nummeret av TS AVISA i trykken. Dei 7 elevane i 5-7 årstrinn ved Todalen Oppvekstsenter presenterte den nye laussalsavisa med 30 sider med aktuelt stoff frå skulen på ein introdusert pressekonferanse på trykkeriet som er fargekopimaskina på Talgø. Det var ein entusiastisk gjeng som etterkvart som eksemplara kom ut frå «pressa» og dei kunne ba gjennom den nye avisa og godkjenne resultatet. Førstkomande fredag og laurdag blir det sal av aviser på Matkroken Todalen – med ferskt nyheitsstoff.
Les heile saka
Nei da, han er nok ikkje teken ut til keeper på Molde-laget, sjølv om han nok kunne tenkt seg det. Torstein er nemleg svoren Molde-tilhengar på sin hals, men er nok i yngste laget for ein slik oppgåve enno! Men Torstein Snekvik skal sørge for underhaldning, og spelar på årets cupfinaleshow for Molde FK på Youngstorget laurdag!
Les heile saka
Onsdag kveld samla randoneekvelden på Kårvatn mange skiinteresserte og skientusiastar til informasjonskveld. Sjølv om snøen enno uteblir både i bygda og i fjellet er det på tide å planlegge vinteren og sjå over turutstyret. Det har vore ei enorm utvikling på ski, sko og anna utstyr til turbruk i fjellet. Vi har også endra våre vaner når vi legg ut på skitur – vi går ikkje berre ein runde i det lettaste terrenget, for betre utstyr gir oss meir lyst til å sette utfor og få litt fart.
Les heile saka
Fjord 1 melder kl 13.40 i dag at rute 46 Kvanne – Rykkjem er midlertidig innstilt på grunn av tekniske problem.
Les heile saka
I år blir det stor aktivitet når julegrana på torget utanfor Surnadal kulturhus skal tennast. Det blir i tillegg eit stort juletorg på plassen! Dette er eit samarbeid mellom Vårsøg Hotell, Kreativt Forum og kulturhuset. Her blir det salgsboder inne på torget, samt at Svorkasalen skal takast i bruk. Nesten 40 påmeldte er no registrert i følge Driva.no.
Les heile saka
I år er det 100 år sidan vår folkekjære visekunstnar og lyrikar Alf Prøysen frå Ringsaker, vart fødd. Det markeres med ein konsert i Skulstuå torsdag 20.november kl 19.00. Då kjem fulltids songar, trekkspelar, skodespelar, entertainer og todalsvenen; Odd Arne Halaas igjen til Skulstuå for å underhalda med song og musikk, melder «Venner av Skulstuå» som er arrangør.
Les heile saka
Frå det rikhaldige fotoarkivet til Todalen Historielag har vi denne gongen fått eit snart 45 år gamalt bilete. Unge skirennarar feirar her Kristen Halle sin bursdag i 1970. Gjengen på bildet er samla i stua ved Sortdal hotell i Tingvoll. Todalingen Karin Øyen frå Melen dreiv hotellet i fleire år.
Les heile saka
Søndag ettermiddag inviterte Todalen historielag sambygdingane til «bokslepp», der dei presenterte det nye årsskriftet for 2014. Det er årsskrift nummer 13 i rekkja, og inneheld 84 sider med lokalt historisk materiell både i for av tekt og mange bilder. Artiklane er rikt illustrert og i tillegg er det sett av nokre sider til «minnenes album» det det er bilder frå forskjellige hendingar og folk i mange samanhengar.
Les heile saka
Vi hadde laurdag eit innslag frå Bomessa i Trondheim der Talgø har delteke med både stand og mannskap i helga. På tampen av søndagen var det kåring av beste stand, og her gikk standen som Byggmakker Tiller har saman med MøreRoyal heilt til topps. På bildet sitt Finn Åge Bjørkamo, sjefen på Byggmakker Tiller, med det handfaste beviset -og er stolt som ein hane.
Les heile saka
Søndag føremiddag beiter 4 rådyr fredeleg på Pestuekra, mesta utmed Skjorahølen. Det er nok fristande med saftig og grønt gras, tiltross for at det kanskje lurer både tobeinte og firbeinte jegrar som lurer.
Les heile saka
Denne helga er det stor boligmesse i Trondheim. Det skjer i Trondheim Spektrum i tidsrommet 14. – 16. november – altså fredag til og med søndag. Talgø er på plass der forå vise seg fram og for å informere om sine produkt. Denne gongen er det MøreRoyal som har vekt stor oppmerksomhet med den nye gråfarga som kjem for fullt til neste sesong. Det har vore stor aktivitet og mange besøkande på Boligmessa som er ei publikumsmesse og opa for alle som er interessert i bygging og boliginnreiing.
Les heile saka
I Husbygrenda hadde vi siste soldag laurdag 15 november. Dermed er det rundt 10 veker før den atter lyser opp i vindua og avslører at vinduspussen er så som så. På kvennset er det enno ein liten solgøtt midt på dagen, men om ei vekes tid er det slutt der og. Da er det berre å vente på at nyttår blir passert og litt uti januar før vi ser at dagane blir lengre igjen og sola atter kikar fram.
Les heile saka