Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Todalen og Surnadal mot 2030

Todalen og Surnadal mot 2030

Elinor Bolme Tysdag 22. oktober 2013

Bortimot 70 mann møtte i kveld opp på Todalen Oppvekstsenter for å delta på Surnadal kommune sitt 1. orienteringsmøte i grendene om kommuneplanen som omhandlar areal- og samfunnsdel. Frå kommunen møtte ordførar Mons Otnes, rådmann Knut Haugen, kommunalsjefane Karin Halle og Inge Skogheim, rådgjevar Råg Ranes og arealplanleggar Håvard Stensønes.

Les heile saka

Hallarampen vart offisielt innvidd

Hallarampen vart offisielt innvidd

Frode Grønmyr Tysdag 22. oktober 2013

Måndag 21/10 vart det nye postkassestativet på Halla offisielt opna. Sidan det gamle stativet bles ned for eit par år sidan, har eit nytt stått øvst på sentrumsplana for Hallagrenda. Tidlegare stod det ein mjølkeramp på andre sida av vegen. Dette var eit samlingspunkt i grenda, og gav ideen til å bygge eit postkassestativ i same stil. Det er kårkallane Eivind og Trygve som har stått for bygginga. Oppdragsgjevarane Olav og Frode er svært godt fornøgd, og tykkjer resultatet vart over all forventning. Dei vil også nemne at finansieringa av prosjektet har vore svært gunstig.

Les heile saka

I kveld: Surnadal mot 2030- orienteringsmøte

I kveld: Surnadal mot 2030- orienteringsmøte

Elinor Bolme Tysdag 22. oktober 2013

Kutt i antall årsverk, sammenslåing av skuler og utsettelse av både sentrumsplan og utbygging av Øye skule. Dette var nokre av tiltaka rådmann Knut Haugen la fram for politikarar, tillitsvalgte og administrasjonen i Surnadal under budsjettkonferansen 23. og 24. september på Smøla.

Les heile saka

Biblioteket stengt torsdag

Biblioteket stengt torsdag

Elinor Bolme Måndag 21. oktober 2013

Bibliotekar Karen Johanne Talgø melder om at biblioteket ved Todalen oppvekstsenter held stengt førstkomande torsdag grunna stemmerettsarrangementet på Gammelfabrikken.


Dans og musikk på Nordmøre – i Ungdomshuset

Dans og musikk på Nordmøre – i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Sundag 20. oktober 2013

Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal reiser tirsdag 22. oktober til Todalen der Olina Halle tek i mot. Ho har tromma saman ein gjeng med dansarar frå området. Arkivet skal filme og intervjue dansarane og håper mellom anna å få sjå: Polsdans, springar, polka med stæt, halling osv.

Les heile saka

Onsdag: Musikkveld i Stangvik kyrkje

Onsdag: Musikkveld i Stangvik kyrkje

Jon Olav Ørsal Sundag 20. oktober 2013

Den nye salmeboka, musikktalent, bryllaupstonar og korsong står på menyen når Stangvik kyrkje opnar for ein variert musikkveld onsdag. Allsongen er viktigast – for her skal alle få smake på den nye salmeboka. Både velkjende og nye songar får sleppe til. Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor har alt mange nummer frå «Norsk Salmebok 2013» på programmet sitt og gir korversjonar av desse attåt andre korperler.

Les heile saka

Sesongslutt for stavgangen

Sesongslutt for stavgangen

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. oktober 2013

Stavgangruppa i Surnadal pensjonistlag trossa sluddbyene og la ut på årets siste stavgangtur frå Vang skiarena på Kvanne sist fredag. Turen etter gammalvegen mot Stangvika vart kanskje litt nedkorta, men det var ein skikkeleg friskt vêrtype da dei kom att og benka seg rundt kaffebordet i klubbhuset. Da var det godt med varm kaffe og nystekte bakels, som stavgangstyret hadde sørgja for.

Les heile saka

Damenes aften samla over hundre…

Damenes aften samla over hundre…

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. oktober 2013

Det var god stemning da Byggmakker Surnadal inviterte til damenes aften torsdag kveld. Dette er eit årleg «høgdepunkt», og eit stort hundretal damer sette kvarandre i stemne når dei fekk presentert nyheiter om måling, tapet og design og anna som er det «hotteste» på interiørfronten akkurat no. Ellers var nok Ida Dønheims innslag om vin og tapas med tilhørande smårettsmaking populært innslag.

Les heile saka

Månadens bilete: Rypejakt i solnedgangen

Månadens bilete: Rypejakt i solnedgangen

Ole Petter Talgø Fredag 18. oktober 2013

Nok ei avstemning for månadens bilete er avslutta, og for september kan vi gratulere Lisabeth Svinvik som vinnar av månadens termos, med biletet «Rypejakt i solnedgangen». Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning.

Les heile saka

Søndag kjem bøssebærarane

Søndag kjem bøssebærarane

Elinor Bolme Fredag 18. oktober 2013

Søndag 20.oktober er årets TV-aksjon NRK. I år går innsamla middel til Nasjonalforeningen for folkehelsa sitt arbeid med demens. Over 70 000 mennesker i Norge har Alzheimer eller ein anna demenssykdom. I løpet av dei neste tiåra vil antallet fordobles. Ta vel i mot bøssebærarane som kjem på døra. I år som i alle år før, […]

Les heile saka

Historielaget: Siste korrektur på årsskriftet

Historielaget: Siste korrektur på årsskriftet

Jon Olav Ørsal Fredag 18. oktober 2013

Historielagets årsskrift er klart til trykkjing. Det er nr 12 i rekkja, og dersom alt går etter plana skal det være klart for salg den 24. november når Todalen historielag inviterer til bokbad og premiere i ungdomshuset. Årsskriftet er nummer 12 i rekkja med presentasjon av mykje interessant og artig Todalshistorie mellom permane.

Les heile saka

Familiedag i Skulstuå

Familiedag i Skulstuå

Elinor Bolme Fredag 18. oktober 2013

Ragna og Line Kvendset ønsker alle velkommne til familiedag kommande laurdag i Skulstuå.Her blir det høve til å få ein prat over ein kopp kaffe, og noko godt å bite i. Teiknekroken og uteleik for ungane.

Åpent frå 12-15.