Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fotballavslutning

Fotballavslutning

Knut Bergli Måndag 28. oktober 2013

Søndag var det fotballavslutning for KUST sine 13- og 14-årslag.

Lagledere, trenere, spillere og foresatte var invitert til Ungdomshuset i Todalen for å markere at fotballsesongen 2013 er over.

Les heile saka

Søndag: Haustfest i Start 4H

Søndag: Haustfest i Start 4H

Jon Olav Ørsal Måndag 28. oktober 2013

Søndag 3. november ønsker Start 4H alle saman velkomne til den årlege haustfesta i Todalen skule. Kl 17.00 opnar utstillinga og underhaldninga startar kl 18.00. Det vert enkel servering samt loddsal, melder Start 4H.


Blir du med og lager julerevy?

Blir du med og lager julerevy?

Jon Olav Ørsal Sundag 27. oktober 2013

Det var ein entusiastisk gjeng som var samla til første møte om julerevy. Det er fotballgruppa som står som arrangør av 3.-dagsfesta og dei følgjer tradisjonane vidare med revy på programmet. Dei ligg enno i startgropa, og treng mange til å være med for å få til dette, og vi går no ut for at alle som har lyst skal få sjangs til bli med. Vi treng folk til å være med på skriving, på scena, bak scena og til mange andre jobbar. Du treng slett ikkje å væra «proff» – vi har bruk for alle, seier ledar i fotballgruppa Borghild Talgø.

Les heile saka

Hugs å stille klokka i natt!

Hugs å stille klokka i natt!

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. oktober 2013

Natt til søndag er det tid for å stille klokka ein time tilbake. Siste søndag i oktober er det slutt på sommartida, og da ffår vi normaltid igjen fram til siste søndag i mars. offisielt skal dette skje ved at klokka stilles kl 03.00 tilbake til kl 02.00.

Les heile saka

Så vart det slakting….

Så vart det slakting….

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. oktober 2013

Dei var i allfall i godt humør om det ikkje var nokon rekordhjort dei var i ferd med å slakte! Halla og Husby jaktlag felte under laurdagens hjortjakt ein kalv, men hadde fått fleire kronhjortar på postane. Men kronhjort var det ikkje att på kvoten, så den måtte berre få passere i fred og ro. Siste kronhjorten dei hadde på kvoten fall nemleg forrige helg dei var på jakt, da debutanten Svein Stensby sendte eit eksemplar av arten til dei «evige jaktmarker».

Les heile saka

Gubbetrim og barneleik

Gubbetrim og barneleik

Jon Olav Ørsal Fredag 25. oktober 2013

Ta deg fri denne kvelden og kom på gubbetrim. Det gjer så godt og det blir artigare til fleire vi er, seier initiativtakarane Ola Kvendset og Knut Bergli. Ta kotakt med dei to dersomn det er noko du lurer på! Denne aktiviteten blir kvar tysdag kveld framover til det nærmar seg jul, melder Todalen idrettslag.

Les heile saka

Ein kveld verdig Thora Talgø!

Ein kveld verdig Thora Talgø!

Elinor Bolme Fredag 25. oktober 2013

Ein innhaldsrik og særledes triveleg kveld på bortimot 4 timar for dei ivrigaste frammøtte, vart resultatet av samarbeidet mellom Surnadal kommune, Talgø og Todalen Sanitetsforening når dei dro til å arrangere ein hyllningskveld for Thora Talgø og 100 år med almenn stemmerett for kvinner. Skepsisen til dei lokale i arrangørkomiteen med tanke på oppmøte vart på eit tidleg stadium av, ikkje ein realitet da det vart anslege bortimot 200 frammøtte på Gammelfabrikken.

Les heile saka

Tid for basar

Tid for basar

Elinor Bolme Torsdag 24. oktober 2013

No er vi inne i ei tradisjonell basartid. Først ut i vårt område er Todalen sanitetsforening med basaren sin allerede førstkommande søndag i Sanitetshuset. Her bli det både dagens bord, barnebord og åresalg. Dei spanderer som vanleg kaffe med noko attåt.

Les heile saka

I kveld: Jubilerer for 100 år med stemmerett

I kveld: Jubilerer for 100 år med stemmerett

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. oktober 2013

Torsdag 24. oktober markeres 100-årsjubileet for kvinnenes stemmerett. Markeringa er eit samarbeidsprosjekt mellom Surnadal kommune, Todalen sanitetsforening og Talgø, og det skjer i Todalen på Talgø Utstillingssenter (Gammelfabrikken). Her blir det ei skikkeleg markering av jubileet, med eit allsidig program som startar kl 18.00, med Open kafé fortsetter kl 19.00 med eit innslag der Eivind Hasle fortel om kampen om stemmeretten som foregikk på slutten av 1800-talet, der vi også får knytt til eit rollespel med eit forsterka formannskap som aktørar.

Les heile saka

Barneklatring på Halloween

Barneklatring på Halloween

Elinor Bolme Onsdag 23. oktober 2013

SKUMLE ting kan skje i klatreveggen på STV torsdag 31. oktober mellom 17 og 19 når Surnadal trenings- og velværesenter inviterer til barneklatring på sjølvaste Halloween.

Les heile saka

Med det mål: Haustfest

Med det mål: Haustfest

Elinor Bolme Onsdag 23. oktober 2013

Styret i Start 4H melder no om førebuingar til årets haustfest. Datoen er sett til søndag 3. november. I den anledning var alle medlemmene i kveld inviterte til Skulestua for å arbeide med prosjekta sine, i lag med klubbrådgjevarane Ragna Kvendset og Jon Olav Roaldset. Og fleire av dei yngste nytta anledninga godt, og fekk jobba bra med arbeidsbøkene sine.

Les heile saka

Todalen og Surnadal mot 2030

Todalen og Surnadal mot 2030

Elinor Bolme Tysdag 22. oktober 2013

Bortimot 70 mann møtte i kveld opp på Todalen Oppvekstsenter for å delta på Surnadal kommune sitt 1. orienteringsmøte i grendene om kommuneplanen som omhandlar areal- og samfunnsdel. Frå kommunen møtte ordførar Mons Otnes, rådmann Knut Haugen, kommunalsjefane Karin Halle og Inge Skogheim, rådgjevar Råg Ranes og arealplanleggar Håvard Stensønes.

Les heile saka