Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Steinar tek over som ny leiar

Elinor Bolme Torsdag 9. april 2015

Årsmøtet i Todalen Idrettslag samla i år som i fjor 22 medlemmer til ein gjenomgang av lagets aktiviteter i 2014. Dei enkelte underavdelingane og hovedstyret la fram sine respektive årsmeldinger, i tillegg til at kasserar Tormod Kallseth gjekk i igjennom rekneskap og budsjett. Årsmeldingane, rekneskap for 2014 og budsjett for 2015 vart også denne gong godkjent av dei frammøtte.

Valget var neste på plana, og der hadde Terje Nordvik full kontroll på sine papirer. Sidan Karin Halle ikkje tok gjenvalg hadde valgkomiteen fått Steinar Frøystad til å ta på seg vervet som ny leiar for Todalen Idrettslag.

image

Møteleiar Einar Talgø og referent Tormod Kallseth prøvar så godt dei kan i hengje med i valgkomiteleiar Terje Nordvik sin gjennomgang av forslag til nye medlemmer i dei enkelte gruppene.

Det nye hovedstyret består frå no av:

  • Leiar Steinar Frøystad
  • Nestleiar Einar Talgø
  • Sekretær Rune Moe
  • Kasserar Tormod Kallseth

I tillegg sitt følgande som leiarar i dei ulike undergruppene:

  • Fotball Knut Jarle Bergli
  • Trim Jorunn Nordvik
  • Ski/Friidrett ingen valgt–>konstituerer seg sjølv
  • Baneanlegg Bordholmen Gudmund Kvendsetog Nils Øyen
  • Drift vinteranlegg, snøskuter og Skihytta Terje Nordvik
  • Drift ungdomshuset John Moe

Etterkvart som vi får tilsendt materialet vil vi også publisere heile oversikta over kven som sitt i dei enkelte undergruppene. Det vart av den kvinnelege andelen av dei frammøtte på årsmøtet bemerka at kjønnfordelinga i det nye styret var i underkant av kva dei tykte kunne aksepterast, utan at valgkomiteleiaren kommenterte det.

Etter kaffe og kaker vart det ein gjennomgang av prosjektet «Lysløypa på Tjønnmyra» som no er offisielt avslutta frå prosjektleiar Nils Ove Bruset. Han, Ståle Ansnes, Arnt Ivar Brøndbo og entreprenør Per Gjeldnes fekk velfortjent skryt og applaus for sin fenomenale innsats i annlegget.

image

Leiar Kain Halle overrekte Ståle og Nils Ove kvar deira blomsterbukett for deira innsats.

Etterpå vart årsmøtet presentert for nye planer i anlegget, med ei eventuell bygging av varmebu/sanitæranlegg ved lysløypa. Ein ser at dette kanskje er eit behov for at anlegget skal bli meir hensiktsmessig i bruk. Men som det ofte brukar å vere, så var naturlegvis formeiningane om dette til tider både to- og tredelt. Nytt styre fekk difor fullmakt frå årsmøtet til å ta dette byggeprosjektet vidare med tanke på pris og behov.

image

Einar Talgø takka heilt til slutt Karin for hennar innsats som leiar for Todalen Idrettslag dei to siste åra. Og ho fekk ein gedigen rosebukett frå karane i styret.

Publisert: 9. april 2015, 22:16