Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Dalavegen fortsatt stengt

Dalavegen fortsatt stengt

Elinor Bolme Måndag 7. oktober 2013

Surnadal kommune melder på sine nettsider at dei desverre lyt halde vegen frå Vassosen og til Kårvatn stengt på dagtid denne veka også. Dette betyr at Kårvatn Fjellutstyr må ha ope litt utaom vanlege tider, då dei har annonsert med fortsatt stort haustsalg denne veka.

Les heile saka

Ulrich debuterte i Adecco-ligaen søndag kveld

Ulrich debuterte i Adecco-ligaen søndag kveld

Jon Olav Ørsal Sundag 6. oktober 2013

Ulrich Østigård Ness (17 år), med solide røtter på farsida (Leif Arne Ness) fra Todalen, er som kjent en dyktig og talentfull fotballspiller. Ulrich har trent fast med A-laget til Strømmen de siste månedene, og i kveld fikk han også debuten i seriekamp i Adecco-ligaen. 3 minutter før slutt i kampen mot Ranheim (seier 4-1) fikk Ulrich sitt innhopp.

Les heile saka

Premieredag for Kristoffer

Premieredag for Kristoffer

Jon Olav Ørsal Sundag 6. oktober 2013

Jakt er slett ikkje noko nytt for Kristoffer, og han er forlengst ein habil rypejeger. Han har alt fått mange ryper i frysaren denne hausten også. Men i dag flytta han nok grensa litt ekstra, da han fikk elgen på post under elgjakt på Terråk i Nordland. Men med eit velretta skot gikk elgkua rett i bakken og var ferdig. Dermed var det første elgfallet eit faktum.

Les heile saka

TT med merkekurs – teori og praksis

TT med merkekurs – teori og praksis

Jon Bruset Sundag 6. oktober 2013

Forrige helg arrangerte Trondhjems Turistforening (TT) kurs i vedlikehold og merking av turistruter på Kårvatn. TT har mange ruter i Sylane og Trollheimen der det alltid er behov for folk til frivillig innsats. Her i Todalen har TT ansvaret for rutene i Naustådalen, Gammelseterdalen og ruta over Bjøråskardet til Innerdalen.

Les heile saka

Kårvatn – salget fortsett søndag

Kårvatn – salget fortsett søndag

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. oktober 2013

Det var rett og slett ein salsstart over all forventning, seier Gudmund Kårvatn til Todalen.no. – Folk kom frå både nær og fjærn for å sikra seg utstyrsgodbitar eller rett og slett ta seg ein kaffekopp og smaka på heimebaksten til Søstrene Dala. Laila, Kristian og Gudmund hadde det travelt med å betjene alle som kom innom i løpet av dagen.

Les heile saka

Hausttur til Fagerlidalen

Hausttur til Fagerlidalen

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. oktober 2013

Hausten er den finaste tida i fjellet, og i år har også vêrgudane vist seg frå si beste side. Det har gjort at det har vore ein nytelse å gå i fjellet, både for kropp og sjel. Lite nedbør har gjort at det er fin å ferdast og det er ikkje noko problem å kome over elvane. Åshild og Trygve Halle har vore på sin årlege tur til Fagerlidalen for å sjå om Tælehytta og for å prøve fisket i Fagerlidalsvatna.

Les heile saka

Kårvatn: Stort haustsalg startar laurdag

Kårvatn: Stort haustsalg startar laurdag

Jon Olav Ørsal Fredag 4. oktober 2013

Laurdag går startskotet for det store salget ved Kårvatn fjellutstyr. Stengte vegar har gjort at det er mykje sommarvarer att, så det er vel verdt å ta turen opp til «butikken på låven», som denne helga også er open på søndag. Massevis av varer er lagt fram for salg i butikken, og det er nok mang ein godbit å finne i det store vareutvalet som skal ut på billigsalg med 20-80 % avslag. Og vegen den er open heile helga, både FV671 inn til Todalen og vegen opp til Kårvatn som fram til fredag ettermiddag er steng på grunn av vegarbeid.

Les heile saka

Stavgang til Buret på Peøra

Stavgang til Buret på Peøra

Jon Olav Ørsal Fredag 4. oktober 2013

Torsdag den 3. oktober la Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag turen til Buret på P-øra, ein svært fin og intim serveringsstad med heilt spesiell atmosfære, og han ligg tett ved brua som går over til Bølandet i Bøfjorden. Olaf Ansnes, bestefar til Liv Berit, dreiv i si tid landhandleri i den fine, kvitmåla hovudbygninga. Det var ei godt eigna plassering for ein butikk, sidan vegen da gjekk rett gjennom gardstunet. Denne vegen vart omlagt da brua til Bølandet vart ferdig i 1964. Buret hadde opprinneleg stått som stabbur på på Kvennbøen, og har etter det vart flytta til Bøfjorden vorte påbygd kjøkken og toalett.

Les heile saka

4H-tur avlyst

4H-tur avlyst

Ragna Kvendset Fredag 4. oktober 2013

Styret i Start 4H må diverre avlyse planlagt tur oppi Kvennsetdalen i morgon laurdag 5.oktober, pga dårlege vermeldingar. Vi kjem attende med meir informasjon, om vi ser at veret blir betre til neste helg. Så følg med på todalen.no – kvar dag!


Haustmesse med Olabilløp og gratis pølsefest

Haustmesse med Olabilløp og gratis pølsefest

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. oktober 2013

Haustmessa har lange tradisjonar hos Byggmakker i Surnadal. I år blir det større enn nokon gong, da heile senteret markerer overgang til haust med massevis av gode tilbud i butikkene til Byggmakker, Flisekompaniet og Hageland. Hageland køyrer hele sortimentet med grønnplanter med 30% rabett og dei har også mange god tilbud og premiere for massevis med nye varer. I tillegg har dei fått inn mange billige spisestuemøblar, sofaer og andre småmøbler som er spredt rundt i butikken. På programmet står også Olabilløp og gratis «pølsefest».

Les heile saka

Ingvild stiller til disposisjon

Ingvild stiller til disposisjon

Elinor Bolme Torsdag 3. oktober 2013

I ettermiddag blir det nok ein runde med veiledning på Hett & svett. Denne gongen er det Ingvild Stensby som tek turen nedover til treningsrommet og stiller seg disponibel. Ingvild går på fysioterapilinja på Høgskulen i Bergen. Ho er for tida heime i Todalen, og i dag kl 17 blir ho å møte på Hett & svett. Ho vil da gi veiledning om utholdenhets- og styrketrening.

Les heile saka

Start 4H på fellestur

Start 4H på fellestur

Elinor Bolme Onsdag 2. oktober 2013

START 4H inviterer alle med på tur oppi Kvennsetdalen laurdag 5.oktober. Styret i Start 4H ble inspirert av månedens bilde og håper derfor på fint vær og godt oppmøte.

Les heile saka