Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 6/6 – Kronhjort i måneskinn

Guro Redalen (innledning av red.) Måndag 6. april 2015

No er det nok mange som ventar spent på løysinga på mysteriet rundt «Kronhjort i måneskinn». Vinnarar kjem så snart vår jury har fått tid til å gå gjennom spørsmåla, men vi serverer siste del på påskekrimmen her.

Alle var dei samla i Kaffekroken. Det summa ivrig. Hadde verkeleg vikaren Lebrekk Bladfyk klart å løyse tjuveriet? Ho kremta. Takka innvendig for all scenetrening ein hadde fått i diverse skodespel på barneskulen og Start 4H. For no sto ho framføre si viktigaste framføring.

”De veit kvifor vi er, og de veit kva som skjedde. Men fram til no har det vore eit mysterium er kven har teke biletet Kronhjort i måneskinn. Og kvar er biletet?” Ho slo ut armane og tok seg tid. Handelsmann Nordvik såg allereie på klokka. ” Men. No er eg er ganske sikker på at både biletet og den som tok det befinn seg her”

Ho gjekk bort i posthylla og tok ut ein av norgespakkane som låg der. Las opp namnet til Årets bilete-vinnar 2011, 2012 og 2014. Han blei kvit (eller var det grøn?) i andletet ”Kan du opne opp denne pakka for oss?” ”Nei, kvifor skal eg det?” ”Er det noko grunn til at du ikkje vil opne denne pakka som er stor nok til å romme, tja, kva kan eg seie … eit bilete?” Dei andre mumla, nokon kom med tilrop om at han skule opne den. ”Er det fordi at pakka…” ho reiv opp pakka, inni var (heldigvis) biletet dei alle hadde leita etter ”…faktisk inneheld akkurat det?!”
Handelsmann Nordvik var allereie ved Årets bilete-vinnar 2011, 2012 og 2014 for å hindre at han skulle stikke av. ”Hæ? Eg viste ikkje at det låg her. Det er heilt sikkert nokon som freistar å sverte namnet mitt. Har de sjekka ut Årets bilete-vinnar 2013 kanskje?” ”Nei, det er ikkje nødvendig. Eg er ganske så sikker på at du greip sjansen når Sanitetslloddseljaren henta seg kaffi. Putta biletet i ein ferdig adressert postpakke og la pakken oppå hylla. Og var det ikkje nettopp den hentelappen du sto og venta på ved postkassane her om dagen? Synd for deg då at det ikkje er post i påska!”

”Kva har du å seie til ditt forsvar?” Handelsmann Nordvik hadde funne fram hovudlykta igjen. ”Eg vil jo berre at det skal henge ordentlig bilete til veggane til folk. Mine bilete til dømes. Kvifor vil ikkje Saniteten ha mine bilete? Så mange som har stemt på meg, så mange år! Alle dei kan ikkje ta feil”

Bladfyk fekk ikkje med seg resten av det som blei sagt. Biletet var på plass, saka var løyst og vikariatet var over. Det var på tide å pakke ned tastaturet, og ta turen ut Stranda igjen. I bagasjen hadde ho ein løyst påskekrim, og ein pose med smågodt.

Til ynskjer alle ei fin avslutning på påskehelga, og sender samtidig ein stor takk til forfattar Guro Redalen for topp påskeunderhaldning!

Publisert: 6. april 2015, 06:00