Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vinnarar av «Kronhjort i måneskinn» er kåra!

Elinor Bolme Tysdag 7. april 2015

Da har juryen og primus motorar for årets vellykkede påskekrim Guro Redalen og Mari Brusethaug Redalen,  hatt ein grundig gjennomgang av alle innkomne forslag til løysning på mysteriet om «Kronhjort i måneskinn». 38 personar tok utfordringa og sendte inn forslag til løysing, men kun 5 stykk klarte å gjette at det var årets biletevinnar 2011, 2013 og 2014 som var den utspekulerte kunsttjuven.

Overraskande mange tippa det var mann med skjegg som var skuldig, og ellers fekk nok både Handelsmann Nordvik og Overredaktør Ørsal mistankane retta mot seg i stor grad. Handelsmannen naturlegvis for å auke omsetninga på Hals, Overrdaktøren for å auke sjåartala her på todalen.no.

Redaksjonen ønsker å takke Guro Redalen nok ein gong for bidraget til det som vart ein liten snakkis både på påskefjellet og bua/Hals/Matkroken. Vi ser gjerne fram til nye bidrag frå deg til neste påske, om du ikkje overraskar oss før den tid!

 

image

Og vinnarane vart….

For å kåre ein vinnar blandt dei som hadde rett måtte det trekning til. Og av dei med rett svar vant : Grete Mo Sletten.
Dei som hadde svart riktig var:
Kristen Ørsal
May-Elisabeth Holten
Wencke Kvendset
Grete Mo Sletten
Klaus Windmann
Vi lova også ei uttrekning blandt alle som hadde sendt inn svar, og den heldige uttrekte vart: Narve Talgø.
Så den artigaste klassen, der riktig svar ikkje var eit krav, men den mest oppfinnsomme forklaringa til løysning. Her hadde juryen fleire gode å velge mellom, og endeleg resultat vart:
1. Ragna H. Kvendset
2. Åse Toril Holten.
Hederlig omtale: Øystein Ovesen for det mest konsise svaret.
Grete, Narve og Ragna kan sjå fram til ei lita oppmerksomheit frå juryen om ikkje alt for lenge.
Her er deira bidrag:
Øystein Ovesen skrivMenn med skjegg liker kronhjort!
Ragna H Kvendset skriv: Borgarmeister Nordvik tok » Kronhjort i måneskinn» ! Han forelska seg heilt i bilde, då saniteten var på bua dagen før. Han la opp ein plan etter stengetid, og festa ein plakat på baksida av det forsvunne bildet der det sto
«Søkkje belle  potetbrød». Så fiksa han på kameraet slik at det ikkje peika på loddselgaren. Akkurat då dei skifta selgarar, snudde han hjortbilde om til ein salsplakat. Det var ikkje: meterolog Bruset, han likar betre bilder av den fyrste linjekonvalen, ordførar Nyheim; lika betre det andre bilde av stranda, og ville be kunstnaren få med raset! Pubeigar Halle satsar meir på det maritime. Overredaktøren ville heller hatt eit motiv frå Lauvåfjellet, Spanjolen ville heller hatt eit bilde av Dali og det var han som var den ukjende mannen. Ungdomslagsbestyraren er nøgd med hjortbilde som alt heng oppi stuå og er ute etter fredelege kappsteg! Sanitetsloddselgaren var lengje mistenkt for å ynskja  å skapa blest om bilde og ynskje om å få opp loddsalet med omtale i avisa saman med ordføraren , men er frikjent. Så attom plakaten » Søkkje belle potetbrød» er det forsvunne bildet! No fekk Nordvik omtale om godt sal i påska på NRK Møre og Romsdal, men ein skal ikkje sjå bort i frå at påskekrimmen og har gjort sitt!
Åse Toril Holten skrivPosttjuven frå Vangsgutane er ein tjuv som har spesialisert seg på å stele post. Det er derfor heilt naturleg at han oppheld seg ein stad der det er mykje post å røve til seg, nemleg rundt post i butikk-skranka på Hals. Den dagen «Kronhjort i måneskinn» vart stole, var posttjuven eigentleg budd på å stele ein bunke med brev. Men som vi alle veit, sender vi nestan ikkje brev lenger, og hos handelsmann Nordvik var det ikkje ein skarve konvolutt å sjå.Så medan folk var ivrig opptekne med å drikke kaffe/plukke smågodt/tala om vêr og vind, fann Posttjuven ut at nok for vere nok, det er ikkje greitt å livnære seg på å røve brev i desse eposttider. På tide å bli kunsttjuv!
 Og medan ingen såg det, nappa han ned biletet, og stakk det under jakka.Men korleis smugle det ut når tjuveriet vart oppdaga? Jo, posttjuven kjøpte den største Norgespakka av handelsmann Nordvik, stappa heile jakka (det var vår og varmt i lufta), med bilete inni, og sendte pakka ut av landet, dvs til Surnadal, der han kunne hente det om ei vekes tid eller tia det tek no til dags når posten blir sendt landet rundt for å bli sortert.Men posttjuven er jo ingen identitet, berre eit kallenamn. Kven er han, eigentleg? Her må vi over 20 år tilbake i tid, og vi skal Norge rundt. Det skjedde nemleg det året, at Oddgeir Bruaset kom til bygda. Dette var lenge før han drog dit ingen skulle tru at nokon kunne bu. Han hadde nemleg fått oppdraget å dramatisere ein sekvens frå  Vangsgutane til sjølvaste julespesialen av Norge rundt. Og der vart han avslørt, den gongen barten var meir gull- enn sølvfarga og snurren på barten var meir spenstig enn i dag. Posttjuven var…Eg beklagar at eg angir han, men påska er jo ei slik Jesus- og Judas-tid, så de får ha meg unnskuld i at eg herved avslører at kunsttjuven er posttjuven, altså Tor Holten. Ber om at straffa blir snill, foreslår at ho blir å hengje biletet fint på plass igjen, og at 100 ekstra tvangskjøpte lodd i sanitetens kunstlotteri får halde! (Litt i tvil om kva Åse Toril meiner sjå linken: http://tv.nrk.no/serie/norge-rundt/FSPO45003990/21-12-1990#t=10m49s)
Publisert: 7. april 2015, 17:10