Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Enda ein laks teke i kveldinga

Elinor Bolme Laurdag 4. juli 2015

Etter kun få minutt i elva, fekk den heldige odølingen full utteljing på kveldens tur. Han starta med eit par kast i Skjorahølen, før han gjekk opp til Øyabrua og fortsette der. Det skulle vise seg å vere lurt, for der fekk han napp så å seie umiddelbart.

image

Etter litt arming nedover den forholdsvs store elva, med tidvis tett kratt rundt seg fekk han laksen velberga opp på land. Og etter veging var gliset ganske breitt. Vekta stoppa på 6,4 kilo. Den blidspente karen ønska inga oppmerksomheit rundt seg, men kunne fortelje at dette var den første fisk med såpass størrelse som han hadde fått.

image

Publisert: 4. juli 2015, 20:56