Trur neppe det er lagt opp til konkurranse med den legendariske brua Golden Gate som går over San Franciscobukta, men slik er iallfall «hengebrua» i Brusetmarka etter at den vart pynta med lys. I bakgrunnen ser vi lysa frå Heggøyann, som vi hadde omtale om for nokre dagar sia.
Les heile sakaJulehøgtid til gangs…
Da har vi fått julestemninga innover oss – iallfall vi som var på julekonsert i kyrkja med Todalskoret og Åsskard kyrkjekor søndag kveld. Dirigent Bernt Bøe hadde kalla konserten for “Julehøgtid”, og det vart ei skikkeleg høgtidsstund, med mykje flott song og musikk.
Les heile sakaAdventsquiz – Fjerde søndag
Kvar søndag fram mot jul har vi på Todalen.no hatt ein adventsquiz, kor du har kunne vunnet ein premie kvar søndag. I tillegg blir det ein litt større premie som blir trukke ut etter 4. søndag. Spørsmålene vil vera todalsorientert, og du vil få tre spørsmål kvar gong. Det vil kun være anledning til å […]
Les heile sakaTravel førjultid på Orkideen
Det har vore ei travel førjulstid for Ida og Karen Oddny på Orkideen i Elektrogården i Miljøgata. Dei er no komne til «spurtfeltet» inn til jul, men det er enno rikeleg med mulegheiter for å sikre seg ei samanplanting eller annan juleblomster, eller ta en titt på bakrommet….
Les heile sakaNy gravferdsbil på plass
Frå 1. oktober tok Anna Britt og Palmer og Vikan over Surnadal og Rindal Begravelsesbyrå etter Ragna og Ivar Meisingset, som hadde halde på i heile 36 år. I mellomtida har Anna Britt og Palmer lånt den gamle gravferdsbilen deira, medan dei har venta på levering av ny bil. Den var lova til jul, og for eit par dagar kunne Palmer hente den nye bilen hos Sveen Auto i Surnadal.
Les heile sakaMatkroken: Opningstider før jul – og i romjula
I samband med jula er det behov for å justere opningstidene ved Matkroken L. Hals. Denne veka er det normal opningstid for butikken – fredag 09-18, laurdag 09-16 og søndag kioskope 16-18. Måndag 22. er det også vanleg opningstid 9-18, medan det tysdag 23 (lille julaftan) er langope 9-19 og julaftan 24. er opningstida 9-13. Drivstoff frå HalsOil kan fylle døgnet rundt i heile jula.
Les heile sakaSikra seg avtale med NSF…
Ei betre julegåve kunne vi knapt ha fått på Kårvatn Fjellustyr, seier Gudmund Kårvatn til Todalen.no. Denne veka vart avtale med Norges skiforbund underskriven. Både landslaget for Randonee- og Telemark skal representere Norge med klær frå nettopp Kårvatn Fjellustyr. I februar ventar nytt NorgesCup-arrangement……
Les heile sakaJulehuset i Heggøyann
Margit og Petter Nordvik har forlengst tennt på julelysa i Heggøyann. Dei brukar fritidsboligen i Heggøyan mykje, og i år er det 9. året dei feirer jul i her. Dei har pynta opp med mykje utvendig julelys kring huset, og når du køyrer innover til Brusetmarka er lyser det godt opp – og i alle farger og det blir litt meir lys for kvart år.
Les heile sakaMånadens bilete: Skarfjellet ferdig innrammet
Då er vi klare for å presentere vinnaren av månadens bilete for november, og nest siste kandidat til avstemninga for årets bilete 2014.
Les heile sakaJuleavslutningane er unnagjort
Både ved Todalen og Stangvik Oppvekstsenter har det dei siste vekene vore intens øving fram mot vekas høgdepunkt, nemleg juleavslutning. Stangvik oppvekstsenter gjorde unna si tirsdag kveld, medan dei i Todalen hadde si markering i går kveld.
Les heile sakaJulerevyen: «Romjulsdrønn» på 3. juledag
Denne veka starta sceneøvinga for julerevyen «Juledrønn» i Ungdomshuset. Revyen kjøres 3. juledag, og det er no klart at det blir 2 førestillingar – ei på ettermiddagen kl 16.00, og hovudførestillinga kl 20.00 på kvelden. Billettane er komne i sal på Matkroken L.Hals.
Les heile sakaJuletid er konserttid
Denne gongen er det koret VOX som skal ha julekonsert i Stangvik kyrkje kommande fredag 19/12 kl. 19.00. Med seg har dei kjente namn som Hedda Hansen Berg, Sigrid Vetleseter Bøe og deler av Møremusikerne.
Les heile saka