Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt randonné renn for Todalen IL

Elinor Bolme Torsdag 11. desember 2014

Også vinteren 2015 står Todalen IL som arrangør av Norges Cuprenn i randoné. Todalen IL har fått to renn 14. og 15. februar, lagt til Kårvatn. Den 14. er det Randone Individuell, med samme opplegg som tidlegare år, mens det den 15. er det Sprint, som er nytt for arrangørane.

Les heile saka

Juleavslutning i skule og barnehage….

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. desember 2014

Tida går fort mot jul, og onsdag 17. desember kl 18.00 inviterer skulen og barnehagen til juleavslutning i gymsalen på Todalen skule. Der blir det litt av kvart å sjå og høyre, der borna vil underhalde og sjølvsagt litt traktering. Det er nok visse forventningar til at nissen dukkar opp også, ettersom vi forstår!

Les heile saka

Johan K i sine beste år

Elinor Bolme Onsdag 10. desember 2014

Nok ein gong har vi eit gamalt bilde frå fotoarkivet til Todalen Historielag. Her er det Johan K. Ørsal som deltek ved sau-utstilling på Ålvundeidet i 1957. Vi dreg kjensel på nokre bak utgarden: Randi Ramsøy, Ane Talgø (Valset), Inge Ramsøy, Magne Heggset og Kristen J. Ørsal.

Les heile saka


Stangvik kyrkje: Fristar med adventkonsert

Jon Olav Ørsal Måndag 8. desember 2014

Stangvik jentekor inviterer til adventkonsert i Stangvik kyrkje tysdag kveld. Dei har fått med seg Todalskoret og Åsskard kyrkjekor, og byr på både korsong, allsong, legender og eit lite krybbespel set førjulstida i fokus. Konserten startar kl 19.30.

Les heile saka

Intimkonsert i Skulstuå – forsmak på julestemninga

Jon Olav Ørsal Sundag 7. desember 2014

Søndag ettermiddag var det konsert med forsmak på julestemninga i Skulstuå. Familien Kvendset frå Vanvikan, med mor og far – Randi og Ingebrigt, og borna Bodil(14), Hallvard (11) og Alfred (9) – frista oss med konsert og allsong. Det vart ei triveleg ettermiddagsstund med mykje song og musikk.

Les heile saka

Bukkefall i Glenna

Jon Olav Ørsal Sundag 7. desember 2014

Hjortjakta er ikkje ferdig enno, sjølv om kvotane etter kvart fylles opp. Halla og Husby jaktlag var laurdag på jakt i Husby- og Hallaberga og resultatet vart ein 7-spiring denne gongen. Jaktlaget starta i Petlia og jakta vidare innover lia. I eit av granfelta ovafor Ramsøya tok dei ut denne bukken som fann sin nåde i postrekkja i Glenna innafor Engjavadberget.

Les heile saka

Adventsquiz – Andre søndag

Ole Petter Talgø Sundag 7. desember 2014

No som andre lys skal vera tent, er det klart for andre porsjon av Todalen.no sin adventsquiz. Klarer du desse nøttene, er du med i trekninga av ein overraskelsespremie. Kanskje kan du finne nokre av svara her på Todalen.no, om du ikkje kan alt?

Les heile saka

I dag: Bli med og syng inn jula!

Jon Olav Ørsal Sundag 7. desember 2014

Søndag ettermiddag blir det underhaldning med allsong og konsert i Skulstuå. Familien Kvendset – med Randi og Ingebrigt og tre av borna, – Bodil, Hallvard og Alfred vil underhalde oss med song og musikk denne 2. søndagen i advent og startar kl 16.00

Les heile saka

Mild desember så langt…

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. desember 2014

Ein skulle tru at det i år er uvanleg mildt til desember å være. Men slik er det faktisk ikkje, skriv Jon Bruset i ein e-post til Todalen.no, der har har teke ein gjennomgang av max- og minimumstemperaturane dei sia 1990. Torsdag registrerte han maksimumstemperatur på +12, 5 på Småhjellan.

Les heile saka

Tente lys og nissar på besøk

Elinor Bolme Laurdag 6. desember 2014

Årets julegrantenning i Todalen samla mykje folk utanfor Matkroken fredag i kveldinga. PT-utvalget hadde som vanleg rigga seg til med gløgg, pepparkaker og twist. Vêret var kanskje litt stussleg slik julestemningsmessig utan snø og sparkføre, men god temperatur gjorde at folket ikkje hadde det så alt for travelt med å bryta opp etterpå i det minste.

Les heile saka

Mykje god lokalhistorie mellom permane

Jon Olav Ørsal Fredag 5. desember 2014

Stangvik historielags årsskrift er på plass i butikkane. 60 sider med lokalhistorie frå gamle Stangvik er samla mellom permane, og blir no bydd fram til sals. Stangvik historielag famnar området som fram til 60-talet var ein eigen kommune (unnateke Todalen som har eige historielag) og som derfor har mykje felles historie å ta vare på.

Les heile saka