Surnadal kommune, Retura og Hamos dreg i gang ein aksjon for å samle inn skrapmetall i heile Surnadal kommune. Dette blir som eit spleiselag, der kommunen tek dei ekstra kostnadane med transport og utplassering av containarar den veka aksjonen pågår. Levering av skrapmetall er gratis elles også, dersom du leverer på stasjonen til Hamos, men unden denne aksjonen blir det altså gratis henting. Målet er å hente inn minst 15. tonn med skrapjern i denne aksjonen – men gjerne meir.
Les heile saka
I Sissigrenda fikk postkassestativiet ein liten facelift på laurdag. Anders Kjetil og Rune nytta finversdagen til å skifte ut vassborda på postkassestativet. Det var meir råteskade enn dei rekna med, og no vart det skifta til royalbehandla mateerialar, og reknar med at det blir lenge til neste gong. Og det siste døgnet har dei også fått testa om det vart tett!
I morgon er det nok ein fotballkamp på Bordholmen. Da er det gutane på Søya/Todalen i klassen 10 år som møter Surnadal til dyst. Det blir åpen kiosk med salg av bakels og graut. Kampstart klokka 18.
Les heile saka
Denne veka startar trim- og friidrettsgruppa med lagseriestemne på Bordholmen. Første kveld er tysdag 23. mai, og vi treffes på Bordholmen kl 18.00. Vidare blir det lagseriestemne kvar tysdag kl 18, heilt til skulen sluttar. Det blir og høve til å ta idrettsmerkeprøve i samband med lagseriestemne, melder ski- og friidrettsgruppa.
Laurdag ettermiddag samla Todalen historielag mellom 40 og 50 til historisk vandring på Kvendset, der det først vart sett fokus på historia til Rossåa. Her har det vore mange store flaumar og fleire kraftverk oppgjennom tida, og det har vore mykje dramatikk med bruer som har reist med flaumen og ein god del dyrkamark som er øydelagt.
Les heile saka
No har TILs trimgruppe klart sitt vårprogram. Det startar alt åndag kveld, med kveldstur til Nauståfossen. Vidare utover våren er det lagt opp til turar til Gammalsetra, Dalasetra og Ansnessetra – ein familietur til Stor-Johannestålla har det også vorte plass til.
Les heile saka
I kveld var det lokalderby mellom samarbeidslaget Surnadal/Søya/Todalen og Sunndal i klassen G14 på Bordholmen. Sunndalingane var hakket sterkare og hadde komandoen begge omgangane. Sluttresultatet vart til slutt heile 14-0 til bortelaget.
Les heile saka
Laurdag kl 14 inviterer Todalen historielag til kulturvandring på Kvennset. Kvennsetgarden har mykje å by på, vi kan berre nemne både gammelt og nytt kraftverk, settefiskanlegg, møbelindustri og historia om gamle sommarfjøs på Kvennsetøran.
Les heile saka
Denne veka gikk pensjonistlaget stavgangtur til Todalen. Det var oppmøte på Gammelfabrikken, og så gikk turen opp Falla og vidare til Tjønnmyra, der den store og flotte gapahuken vekte stor oppmerksomheit. Her vart det ein liten pause før tilbaketuren, og med nokre regndråpar var det fint å kome under tak i den nye gapahuken som […]
Les heile saka
Det var med bange anelser 17. mai komiteen gjekk til sengs i går kveld, da regnelingene sto i kø utover kvelden. I morgentimene i dag var det også noe duskregn, og etterpå kom skodda sigende. Men utover formiddagen ble det revner i skydekket, og sola tittet etter hvert fram.
Les heile saka
Torsdag kveld (18.mai kl 19.00) er det årets første kamp på Bordholmen. Det er G14 Søya/Surnadal mot Sunndal 1. Ta turen til Bordholmen – det er fleire todalingar på Surnadal/Søya-laget. – Sal av bakels og graut og andre varer i kiosken, rapporterer fotballgruppa.
Les heile saka
Den siste delen av feiringa av grunnlovsdagen starta på ettermiddagen med gudsteneste i Todalen kyrkje, og folketog til skulen, der det var både matservering, allsong, tale for dagen og leikar for borna.
Les heile saka