Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Herr og Fru Tjeld passar på sine små

Elinor Bolme Måndag 6. juni 2016

Ferdast ein i bil er det rett ikkje så lett å sjå teksten på dei to skilta som er sett opp mellom Gimle og Bakkan på Halla. Derfor vart vi litt nyskjerrig og stoppa på i går når vi passerte på sykkel. Tidlegare i vår hadde eit tjeld-par ordna seg med reir midt i åkeren på øvre sida av vegen, og no har altså desse små byrja å utforske verda. På begge sider av vegen, med alt det inneber av farar.

Les heile saka

Fotballkampar på Bordholmen

Elinor Bolme Måndag 6. juni 2016

Denne veka blir det to fotballkampar på Bordholmen. Begge lokaloppgjør i aldersbestemte klassar. Onsdag møte Søya/Todalen Surnadal 2 i klassen Jenter 12, medan det torsdag er kamp mellom Søya/Todalen og Rindal i klassen jenter 10. Kampstart klokka 18 begge dagane.

Les heile saka

Todalshytta: Låtskrivere på plass

Jon Olav Ørsal Sundag 5. juni 2016

Årets låtskriverseminar på Todalshytta starter mandag, og da vi stakk innom en snartur mandag kveld var gjengen benka rundt langbordet framfor Todalshytta – klar for å innta middagen og samtidig nyte solnedgangen med utsikt over Todalen. Nå er været akkurat slik vi tenkte det skulle være – Raust, seier Eric Malling som er vertskap på Todalshytta.

Les heile saka

Ein fin tur for store og små

Elinor Bolme Sundag 5. juni 2016

Ikkje så alt for mange tok turen til Bruset for å bli med på dagens tur til Storhaugen og rundt til Fosstrøinn arrangert av trim-, ski- og friidrettsgruppa. Ingen av dei frammøtte gjekk oppsett rundtur, men dei aller fleste tok derimot den fine turen inn til Fosstrøinn langsmed elvakanten.

Les heile saka

Årsmøte i Todalen Båtforening

Jon Olav Ørsal Sundag 5. juni 2016

Todalen Båtforening kallar inn sine medlemar til årsmøte fredag 17. juni, og det skjer på Båthamna på Kvennset kl 19.30. På sakslista står vanlege årsmøtesaker, men også iinvesteringer som er planlagt.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for mai

Ole Petter Talgø Sundag 5. juni 2016

No har sommaren verkeleg kome, og vi har fått inn mange sommarlege motiv dei siste vekene. Det betyr også at vi skal stemme fram månadens bilete for mai. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete gjennom den siste månaden! Her finn du kandidatane vi har plukka ut denne månaden.

Les heile saka

Leigh fikser det meste

Elinor Bolme Laurdag 4. juni 2016

Leigh Smith er for nokon kanskje kjent som avløysar blant dei som driv innan landbruk her i området. Leigh kom for eit par år sidan flyttande frå Rindal til Melhus på Kvanne saman med kona Nina og barna. Dei kjøpte seg hus der, og Leigh starta opp som avløysar, blant anna her i Todalen. I dag er han fast hos Håvard Halset, Olaug Kvendset og Olav Halle og tre til på Kvanne. Etter kvart har han oppretta firmaet Nordmøre Bygdeservice og tilbyr i tillegg til tjenester innan landbruk, tjenester innan bygg og anlegg- og vaktmestertjenester.

Les heile saka

Svorka sponsar nett

Elinor Bolme Laurdag 4. juni 2016

I dag var to karar i aksjon på Bordholmen med spade og minigravar. Knut Bergli og Odd Harald Talgø starta torsdag med grøftgraving i forbindelse med innleggjing av breidband til klubbhuset på Bordholmen. Allereie i dag var dei komne så langt at dei held på å grave att igjen. Todalen Idrettslag har etter ønske frå blant anna redaksjonen i todalen.no no oppgradert fasilitetande med gratis nett slik at blant anna redaksjonelle saker under Todalsdagen kan gjerast både raskare og betre.

Les heile saka

Månadens bilete: Vårkveld

Ole Petter Talgø Fredag 3. juni 2016

Då er vi endelig klare for å annonsere vinnaren for månadens bilete i april, og det blei Anne Hjørdis Caspersen Telstad som vinnar av månadens bilete med «Vårkveld», med 47 av dei 180 stemmane som kom inn. Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning. Grunna den forsenka annonseringa av vinnaren, kjem vi tilbake med ny avstemning for månadens bilete for mai allereie i morgon.

Les heile saka

Med kurs for Roparen

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. juni 2016

Stavganggreuppa held koken, og denne torsdagen var det Roparen som var målet. Med start og målgang ved alpinsentret bar det etter skogsvegen utover mot Roparen, som ligg oppå hammaren ovafor Surnadalsøra.

Les heile saka


Henta inspirasjon i Todalen…

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. juni 2016

Onsdag var det turen til kommunikasjonsavdelinga i NINA for å besøkte Todalen. Det var kommunikasjonssjef Bjørg Bruset, som sjølv er todaling, som hadde teke med seg alle som jobbar med kommunikasjon og forskningsformidling på NINA på todalstur – for å gjera seg kjent og hente litt inspirasjon.

Les heile saka