Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Herr og Fru Tjeld passar på sine små

Elinor Bolme Måndag 6. juni 2016

Ferdast ein i bil er det rett ikkje så lett å sjå teksten på dei to skilta som er sett opp mellom Gimle og Bakkan på Halla. Derfor vart vi litt nyskjerrig og stoppa på i går når vi passerte på sykkel. Tidlegare i vår hadde eit tjeld-par ordna seg med reir midt i åkeren på øvre sida av vegen, og no har altså desse små byrja å utforske verda. På begge sider av vegen, med alt det inneber av farar.

image

Litt humoristisk, men også litt alvorsprega advarsel. Ein retteleg fugleven har skilta godt.

Og ved nærare ettersyn såg vi Fru Tjeld som gjette sine små på den nysådde ekra nedanfor Bakkå.

image

Det var vanskeleg å komme nært nok for å få eit ok mobilbilde. Og etter kvart gjekk det opp kvifor…

 

image

For på taket på Bakkå satt Herr Tjeld og kvitra ut kommandoar til frua om kvar fotografen til ei kvar tid var…

 

Først publisert: 6. juni 2016, 07:00 - Sist oppdatert: 5. juni 2016, 23:01