Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Leigh fikser det meste

Elinor Bolme Laurdag 4. juni 2016

Leigh Smith er for nokon kanskje kjent som avløysar blant dei som driv innan landbruk her i området. Leigh kom for eit par år sidan flyttande frå Rindal til Melhus på Kvanne saman med kona Nina og barna. Dei kjøpte seg hus der, og Leigh starta opp som avløysar, blant anna her i Todalen. I dag er han fast hos Håvard Halset, Olaug Kvendset og Olav Halle og tre til på Kvanne. Etter kvart har han oppretta firmaet Nordmøre Bygdeservice og tilbyr i tillegg til tjenester innan landbruk, tjenester innan bygg og anlegg- og vaktmestertjenester.

Innan bygg og anlegg kan både nyoppsetting av enkle bygg, ombygging, reparasjon og vedlikehold for ulike oppdragsgivere være aktuelle oppgaver han tek på seg. Det kan dreie seg om riving, graving, sveising, muring, snekring, maling, transport og rydding.

 

riving av fjøs halset

Her frå oppstarten av fjøsriving hos Håvard på Halset.

 

 

Innan vaktmestertjenester kan han dekkje tilsynsoppgaver for både private og bedrifter eller kommunale anlegg og bygninger. Nordmøre Bygdeservice kan også kontaktes for å føre tilsyn med boliger og hytter når eigarne er borte. Det kan f.eks være behov for rydding, levering av ved, vasking og vedlikehald.

12038522_1676691522547329_3069046143987303129_n

Ei trapp har fått ei oppgradering.

Av og til har Leigh også med seg dottra Marie som held på å utdanne seg til anleggsgartner. Ho er i tillegg avløysar og ofte med på helg når det er behov for mannskap fortel Leigh. Firmaet har ikkje eiga heimeside enno. Derfor har har han no teikna bedriftsmedlemsskap her på todalen.no for å profilere seg litt meir.

For meir info kan Nordmøre Bygdeservice ved Leigh kontaktast på telefon 954 87 817 eller epost nordmorebygdeservice@outlook.com. Eller på facebooksida til Nordmøre Bygdeservice

 

Publisert: 4. juni 2016, 18:30