«It takes a village to raise a Child» – «Jeg kan bruke det afrikanske uttrykket for å forstå min oppvekst. Det hadde sikkert blitt «folk» av meg uten alle de flotte, rare, snille og originale naboene på Øyamoå, men de har vært med å forme meg. Det har jeg oppdaget, og satt stor pris på etter hvert.»
Les heile saka
Nest siste helga i august, nærare bestemt laurdag 24. blir det verdenspremiere på Kårvatn Skyrun. Da inviterer Todalen IL og gutane ved Kårvatn Fjellutstyr AS til det nyaste nye innan løping i fjellet. Skyrunning er kort sagt ein ekstremsport med fjelløping over 2000 meter kor hellinga overstig 30%, men klatringsgraden ikkje skal overstige ein viss vanskelegheitsgrad. Ja, meir som randonnee utan ski; ta seg til topps med minimalt og lett utstyr. Og med naturen frå Kårvatn til Storfjellet, vidare over Grinarane, Slanglifjellet, Tovatna, Tohatten og Neådalen så skiller arrangementet seg ut allerede før start.
Les heile saka
Heile det siste året har fjøset vore fullt av snikkarar, og det har skjedd store endringar med bygninga som husa eit av dei første lausdriftsbesetningane på «indre». For ein månads tid sia var det klart for å ta i mot dei første spisegjestane, og Kristina og Tore Svinvik kunne ta i bruk restauranten som skal bli ein del av deira livsverk.
Les heile saka
Valkampen er forlengst komen i gang, og på dagens pressekonferanse med Surnadal Ap var det ønske om å få kjeveortoped til å etablere seg i Surnadal som var hovudtema. To av kandidatane på AP-liste, ordførarkandidat Anett Ranes og listekandidat Odd Arild Sande stilte for å orientere om APs ønske om å få på plass kjeveortoped i Surnadal igjen.
Les heile saka
I dag var vi og tok pulsen på ei av turistnæringene i Todalen, hos Cathrine L Kårvatn på Kårvatn. Ho held i alle trådene for at alle besøkende fjellturistar skal få eit så bra opphald som mogleg når dei kjem til gards. Enten om dei berre er på dagstur i området, eller benytter seg av dei ulike overnattingsvariantane som fjellgarden har å tilby.
Les heile saka
Heile Todalen og Nordvik var i kveld straumlause etter at eit torevêr passerte i rundt desse områda i kveldinga. Vi veit ikkje i skrivande stund kor lynet har slått ned, men kan ut i frå appen Ligthning sjå at det i alle fall har vore eit nedslag mellom Todalshaugen og raset uti Stranda.
Les heile saka
Denne sesongen har vore ein sesong på det jamne, fortel Maja Frønes i Svinviks Arboret. Det er ikkje så stor forskjell på besøkstala frå i fjor til i år, men vi har i år hatt eit par periodar med kaldt være og ein del nedbør. – Vêret har nok påvirka besøkstala, både for enkeltpersonar og for grupper, seier Maja, og minnes det fine vêret vi hadde i fjor sommar.
Les heile saka
Du finn ei heilt utruleg ro i sjela når du går Svinvikrunden – det er mykje å sjå og oppleve, og her er det mykje gammel veghistorie som viser kor stor utvikling det har vore den siste hundreårsperioden. Heile runden er på 4,6 km, og heile runden går på tursti, grusveg og asfalt.
Les heile saka
Fylkesmannen og Miljødirektoratet følgjer laksefisket i elvane, og signaliserte tidlegare i vår at det skulle gjerast ei midtsesongevaluering av laksefisket i elvane. For Toåa vart dette gjort for nokre dagar sia, og Todalen elveeigarlag konkluderer med at gytebestandsmålet er nådd, og er nøgd med det, seier leiar Asbjørn Karlsen. Dermed er det klart at det ikkje blir sett i verk regulerande tiltak for laksefisket i Toåa.
Les heile saka
Magne Søyset sitt blinkskot av turbulent landing blei vinnar bilete for juni. Har du eit bilete som passar til dagens bilete, send det inn til oss på red@todalen.no.
Les heile saka
Like etter at Øygarden bolig- og hyttetomter ble utlagt for salg, var det mange som søkte både på boligtomter og hyttetomter. Først ute var Ivar Vikan, og familien kunne flytte inn i nytt hus i andre halvdel av juni måned i år. Asbjørn Holten er også kommet godt i gang med bolig nr. 2, og her er det han og faren som står for byggingen.
Les heile saka
Fiskekortkassen til Surnadal JFF på Kårvatn er broten opp og øydelagt. Her har det vore mulig å kjøpe fiskekort på sjølvbetjening, for den som har hatt med fiskestong på tur. – Det er synd at det ikkje går an å få ha i fred slikt som dette, som kan være ein god service til SJFF medlemar og andre som vil ta seg ein fisketur, seier SJFF-veteran Ragnar Halle.
Les heile saka