Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nye gravfunn dukkar opp på Nordvik

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. august 2018

Dei to arkeologane fra Vitenskapsmuseet i Trondheim har etter kvart fått det travelt i sitt utgravingsarbeid i Øygarden bustadfelt. Stadig nye funn fører til tidsnød, og dei siste dagane har dei funne enno ei gravrøys som truleg inneheld fleire graver. I gravrøysa har dei funne både kol og brent bein og vi forstår at det er ein spennande jobb dei to utfører.

Les heile saka

Vaksne og eldre skal også sveitte!

Dordi Jorunn Halle Onsdag 15. august 2018

OPPDATERT

Todalen sanitetsforening inviterer til ope møte i Todalen sanitetshus torsdag 23. august kl. 18.30. Tema for møtet er trening og trim for vaksne og eldre, og kor viktig dette er for å bevare ei god helse etter kvart som ein blir eldre. Fysioterapeut Ingrid Kvendset Hagen vil orientere om temaet og vise øvingar som har god effekt for helsa vår.

Les heile saka

Storfint besøk i kulturhuset

Steinar Hasselø Onsdag 15. august 2018

Arve Tellefsen kommer tilbake til Surnadal 19. september – sammen med et stjernelag av musikere. Konserten, «Stabat Mater/Switched on Bach», går inn som en del av Kristiansund Kirke Kunst Kulturfestival (KKKK)

Les heile saka

Det monnar da litt iallfall…

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. august 2018

Alle monner dreg sier Ola Kvendset og Emil Thorp som driv kantslått både på elvekantar, ekkerkantar og vegkantar for å samle grovfor til krøttera. Ola Kvendset er gardbrukar i Viastua, medan Emil Thorp er avløysar. I dag hadde dei litt ledig tid, og har altså samla litt fôr både her og der, og dei trur da at dei kan fø heile buskapen ein dag med det fôret dei har samla inn. Da kan ein seie at alle monner dreg!

Les heile saka

Triveleg sesongstart for Kløverturen

Dordi Jorunn Halle Tysdag 14. august 2018

Første Kløverturen i haustsesongen 2018 var lagt til Svinvikrunden. Veret var godt, og 12 damer møttest for å gå tur, riktig kjekt å møtast turkledd igjen! Og det er alltid triveleg både med «nye» og «gamle» turgåarar – her er alle velkomne til å bli med ut på tur.

Les heile saka

No begynner det å haste med skyteprøve

Jon Olav Ørsal Måndag 13. august 2018

No er det høgsesong for oppskyting – alle som skal på storviltjakt må kvart å ta skyteprøven som er 5 skot på hjortviltfigur på 100 meteren. – Og alle skotta må treffe innafor sirkelen på 30 cm. Men før du får ta skyteprøven, så må du ta 30 prøveskot med jaktammunisjon. Det er Søyå og Todalen skytterlag som arrangerer skyteprøven her lokalt, og det skjer i Ranheimsvingen.

Les heile saka



Med auka vassføring vart det fart på laksen

Jon Olav Ørsal Måndag 13. august 2018

Den siste veka vart det fart i laksefisket. I veke 32 er det meldt inn 27 laksar som er tekne i Toåa, så laksefisket har hatt ein skikkeleg oppsving etter at det vart skikkeleg vassføring og fiskarelv. Natt til laurdag hadde vassføringa ein topp på heile 82,5 m3/sek ved Storfossen – i skrivande stund på måndag føremiddag er vassføringa ved målestasjonen på 7-8 m3/sek og det er fin fiskarelv.

Les heile saka

Infokveld med arkeologane – oppdatert

Jon Olav Ørsal Måndag 13. august 2018

I det nye bustad og hyttefeltet på Øygarden på Nordvik har det verkeleg foregått i sommar. Vatn Maskinstasjon har jobba med infrastrukturen i heile feltet og det har vorte både vegar , vatn og kloakk. Dei har også funne mykje rart, eller rettare sagt gammelt, som har gjort at arkeologane har funne bustadfeltet interessant. – Om det er gamle nordvikgardingar dei har funne det veit ikkje vi, men torsdag 16. august kl 19.00 vil dei iallfall stille opp og informere om sine funn. Nye funn har gjort at dei er komne i tidsnød og derfor startar infokvelden med omvisning i feltet og da gjeld det å kle seg etter forholda! Det er derfor lurt å ta med regnklær eller paraply.

Les heile saka

Sesongstart for stavganggruppa

Jon Olav Ørsal Sundag 12. august 2018
Første turmål for «haustsemestret» for Stavganggruppa blir Igltjønna i Rindal.  Torsdag 16. august er det på’n igjen, og frammøtetid er som tidlegare kl 11, og alle, både gamle og nye medlemar er hjartelag velkomne til å delta, melder stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag. 

Erik kom på pallen i Børsa

Jon Olav Ørsal Sundag 12. august 2018

Under Orkla Sparebanklekene som har vore arrangert på Børsa i helga, var Erik Kårvatn raskast på 800 meter, med tida 2.10.46. Det var små marginer og på andreplass kom Henrik Kvennås frå Byåsen på 2.10.77, berre 31 hundredeler etter. Dette vart ny personlig rekord for Erik, med ei forbetring på 4 tideler.

Les heile saka