Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nye gravfunn dukkar opp på Nordvik

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. august 2018

Dei to arkeologane fra Vitenskapsmuseet i Trondheim har etter kvart fått det travelt i sitt utgravingsarbeid i Øygarden bustadfelt.  Stadig nye funn fører til tidsnød, og dei siste dagane har dei funne enno ei gravrøys som truleg inneheld fleire graver.  I gravrøysa har dei funne både kol og brent bein og vi forstår at det er ein spennande jobb dei to utfører.

Dei to, det er Ole Husby frå Surnadal og Vegar Hyttebakk frå Innset, og dei to er utruleg engasjerte når dei fortel om arbeidet sitt. I det siste funnet har dei funne både sirklar og mulige spiralar som er laga i stein, og det er ei utfordring i å grave ut dette ved hjelp av gravemaskin og krafser uten å flytte steinar eller øydelegge noko. Gravrøysene ligg under mykje jord og råte treavfall av røter og stubbar og kan i mange tilfelle være vanskeleg å finne.

-Vi har funne både kol og brente bein, og det indikerer at dette er ei gravrøys der det kanskje er fleire graver. Foto: Jon Olav Ørsal

Torsdag kveld kjem dei to arkeologane til Nordvik Forsamlingshus for å orientere og arbeidet sitt og vil fortelje om kva dei har funne og kor gamle dei trur at desse funna er, så da er alle velkomne dit kl 19.00!

Ole Husby er forresten «nesten» todaling. –  Han fortel at bestefaren Ola Kolbjørn Husby kom frå Furuhaugen i Todalen og flytta til Bæverdalen. Ole har vokse opp i Surnadal og jobbar no ved Vitenskapsselskapets museum i Trondheim.

Først publisert: 15. august 2018, 13:24 - Sist oppdatert: 16. august 2018, 21:27