Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Volleyballen fortsett

Elinor Bolme Måndag 6. januar 2020

Volleyballtreninga fortsett også inn i 2020 med samling i gymsalen på tirsdagar kl 19.30.


Biblioteket startar på måndag 13. januar

Jon Olav Ørsal Sundag 5. januar 2020

Biblioteket i Todalen oppvektsenter blir ope på måndagar også i det nye året. Første opningsdag blir måndag 13. januar frå kl. 18:00 til kl. 20:00 melder bibliotekar ved filialen i Todalen, Karen Johanne Talgø.

Les heile saka

Hjelp oss med aktivitetskalenderen

Jon Olav Ørsal Sundag 5. januar 2020

Vi er godt i gang med eit nytt år, og det betyr at vi skal fylle opp kalenderen vår med aktivitetar. Først og fremst gjeld det kalenderen for januar, men det er også til stor hjelp både for oss, og lesarane våre, at ting som skal forega utover våren kjem med. – Når ting kjem inn i kalenderen blir det lettare å planlegge møter og andre arrangement – og det blir lettare å unngå kollisjonar.

Les heile saka

Rett på med balleik

Elinor Bolme Sundag 5. januar 2020

Todalen IL startar nyåret med balleik allerede i morgon kveld. Da blir det to sesjonar; dei minste opp til 3. klasse først, og så fra 4. klasse og oppover etterpå.

Les heile saka

Stans for i kveld i sambandet Kvanne – Rykkjem

Jon Olav Ørsal Fredag 3. januar 2020

Det ble en tøff start BF Bjørnsund i sambandet Kvanne – Rykkjem. Snøfokk og mye vind har ført til stans i trafikken, og Fjord 1 har sendt følgende melding: «Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Sambandet er innstilt på grunn av værforholdene. Slik værutsiktene er utover kvelden må det påregnes at dette vil vedvare frem til rutestart i morgen tidlig.»


Ferjeskifte på strekninga Kvanne – Rykkjem

Jon Olav Ørsal Fredag 3. januar 2020

I dag er det ferjeskifte på rute 46 Kvanne – Rykkjem melder Fjord1.  Det er MF Bjørnsund som tek over trafikken her inntil vidare, og dermed får MF Solnør avløysing.  MF Bjørnsund er heller ikkje noko ny ferge, da den vart bygd hos Trønderverftet i Hommelvik i 1979, og altså er berre to år nyare […]

Les heile saka

Fredag 10.: Meir musikalsk fyrverkeri frå TrondheimSolistene….

Steinar Hasselø Fredag 3. januar 2020

Det er på tide å markere at vi har runda eit nytt årsskifte, og TrondheimSolistene vil gjera sitt – som alltid – for å feire dette på Nyttårskonserten fredag 10. januar kl 19:00 på Surnadal kulturhus.
TrondheimSolistene er så husvarme i Surnadal at dei neppe treng nokon nærmare presentasjon. Men vi må vel pliktmessig ta med ein kort variant: TrondheimSolistene er eit topp, profesjonelt ensemble av musikarar, etablert i 1988 og med eit musikalsk vidsyn få, om nokon, kammerorkester kan matche. Dei er, i tillegg til i Surnadal, også store internasjonalt, og konsertane er prega av humør, spontanitet og intensitet. Punktum.

Les heile saka

Mild start på nyåret

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. januar 2020

Det vart ein mildt start på det nye året – og kanskje på rekordvis – Brusetmarka kan iallfall skilte med rundt 15 varmegrader i morgontimane på torsdag 2. januar. Det er for så vidt ikkje noko å skryte av, da Åndalsnes melder om rekord på mellom 18 og 19 grader. Unormalt er det uansett, når ein tenkjer på at vi faktisk ofte har slike temperaturar i sommarmånadene.

Les heile saka

Merk søppeldag 2. januar

Elinor Bolme Onsdag 1. januar 2020

I morgon er det søppeldag med nytt renovasjonsfirma. Då kjem ReMidt for første gong rundt bygda på sin innsamlingsrunde av restavfall. Vi veit ikke eksakt tid, men om det er noken lunde same rutiner som få Hamos-tida, så kan det være lurt å ha ut dunken tidleg.

Les heile saka

… og takk for det gamle!

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. desember 2019

No når 2019 er i ferd med å ebbe ut så sluttar 2019 slik som det starta, med vind og regn – mykje regn og sludd er det meldt på yr.no. Det vil nok legge ein dempar på nyttårsfeiringa, iallfall med tanke på markeringa med fyrverkeri. Men sjølv om vêret legg ein dempar på nyttårsfeiringa, så er […]

Les heile saka

Elinor vart «Årets Drivanavn i 2019»

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. desember 2019

Drivas lesarar kåra Elinor Bolme til «Årets Drivanavn i 2019». Elinor var nominert for sitt store engasjement for organisasjonen Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS). Der er ho fylkesleiar på 6. året, og røper at ho truleg takkar ja til gjenvalg når tida kjem, skriv Driva når dei presenterer Elinor på sine nettider.

Les heile saka

Nyttårsfest

Elinor Bolme Tysdag 31. desember 2019

Surnadal Normisjon inviterer til stor nyttårsfest på Eidet bedehus laurdag 4. januar kl 16.

Les heile saka