Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ap-stand i Todalen i dag

Jon Olav Ørsal Sundag 1. september 2019

Surnadal Arbeidarparti melder at ordførarkandidat Annett Ranes og fleire dyktige kandidatar står på stand ved Matkroken i Todalen i dag, og er der i butikkens opningstid på ettermiddagen (frå kl. 16 – 18.)
Velkomen!

 

Surnadal Ap er medlem i Todalen.no


Kløvertur etter Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 1. september 2019

Sanitetsforeninga melder at det blir Kløvertur måndag 2. september. Oppmøte ved Hals/Matkroken og turstart derifrå kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Les heile saka

Vel 40 dugnadstimar på to dagar

Elinor Bolme Laurdag 31. august 2019

På dei to siste dagane er det no rydda klart til masseuttak i Toåa, grunnarbeid kor gapahuk skal setjast opp i Båthølen og samanslåing av ekrene rundt Båthølen. Dugnadsinnsatsen til todalingane desse dagane har resultert i godt over 40 timar frivillig innsats på to økter.

Les heile saka

Når kvinner slepp til – kvinnefrigjering i Etiopia

Elinor Bolme Laurdag 31. august 2019

Måndag 2.sept kl.19 blir det eit litt uvanleg samarbeid mellom Misjonnselskapet og Stangvik grendalag i Bondehuset.  Noko av bakgrunnen er at fleire av kykjelydane i Surnadal har eit prosjekt i forhold til Etiopia. Dette gjeld også Todalen kyrkjelyd, fortel Arne Drøpping representant for NMS i ein epost.

Les heile saka

Siste innspurt

Elinor Bolme Fredag 30. august 2019

Det er ei stor veke att til årets kommune- og fylkestingvalg, og dei fleste partia brukar den nest siste helga til å treffe veljarane der dei er. Senterpartiet hadde stand ute ved Matkroken i ettermiddag, og folk stoppa opp og tok ein prat med ordførarkandidat Margrete Svinvik og to av todalsrepresentantane.

Les heile saka

Mykje hjort på innmarka

Jon Olav Ørsal Fredag 30. august 2019

Etter kvart som det har vorte litt mørkare kveldar har det auka på med hjort på innmark. Det er mest koller og kalvar som «tek sjansen» på saftige beiter på innmarka. Men eit lite varsko til billistar som ferdes etter vegane på kveldstid – kjør forsiktig, for hjorten kjem fort og da har du den lett oppå panseret!

Les heile saka

Kleivatur for stavgangarane

Jon Olav Ørsal Fredag 30. august 2019

Torsdag var det planlagt stavgangtur til Sjøasætervatnet, men regn og gråvêr gjorde reserveløysinga med tur til Kleiva i staden vart aktuell. Derfor vart det start frå kulturhuset og oppover bakkane til Kleiva.

Les heile saka

Forslag om samlokalisering av barnehagane avslutta

Elinor Bolme Torsdag 29. august 2019

Under dagens møte i Hovudutvalet for Oppvekst vart det vedteke at oversendingsforslaget om å slå saman barnehagane i Todalen og Stangvik ikkje treng ny behandling i kommunestyret. Les meir om gladnyheita på Trollheimsporten: Såg ingenen nye grunnar for samlokalisering av Todalen og Stangvik Foto:Trollheimsporten.

Les heile saka

Valgprat

Elinor Bolme Torsdag 29. august 2019

Valgkampen trappar seg betrakteleg opp no framover mot kommune- og fylkestingsvalget den 9. september. I den forbindelse kjem ordførarkandidat Margrete Svinvik frå Surnadal Senterparti til Matkroken førstkomande fredag kl 16:00. Her blir det da sjølvsagt anledning til å spørje ho om kva ho vil arbeida for i kommunen sin.    Surnadal Sp er medlem i […]

Les heile saka

Imponert over ei livskraftig bygd

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. august 2019

SV politikaren Yvonne Wold har i kveld vore på snarvisitt i Surnadal og i Todalen for å gjera seg kjent. Wold er frå Åndalsnes og er tilknytta Sosialistisk Venstreparti både som SVs ordførarkandidat i Rauma og som SVs førstekandidat til fylkestingen i Møre og Romsdal.

Les heile saka

Dugnad i Båthølen

Elinor Bolme Onsdag 28. august 2019

Fredag og laurdag arrangerer Toåa turisti dugnad i Båthølen. Per Gjeldnes har som tidlegare nevnt starta gravararbeidet på turvegen ned frå Bønnavollen. I den forbindelse er det no behov for at resterande av skogen i Båthølen blir fjerna, slik at også tomta til gapahuken kan opparbeidast. Dette må gjerast snarast, og turstigruppa inviterer derfor til […]

Les heile saka

Sykkelritt til Kårvatn

Elinor Bolme Tysdag 27. august 2019

Trollheimen sykkelklubb arrangerte i kveld sitt årlige sykkelritt frå Nordvik opp til Kårvatn. Det var to klasser, med og utan tid. Håvard Gjeldnes gjekk av med seieren i tidtakingsklassen. 

Les heile saka