Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kleivatur for stavgangarane

Jon Olav Ørsal Fredag 30. august 2019

Torsdag var det planlagt stavgangtur til Sjøasetervatnet, men regn og gråvêr gjorde reserveløysinga med tur til Kleiva i staden vart aktuell.  – Derfor vart det start frå kulturhuset og oppover bakkane til Kleiva.

Der var det fleire oppå – både gammel og ung, og det vart ein koseleg kaffepause under tak på nyscena. Der vart det både kaffe og nystekte pannekaker med blåbær – alt akkompagnert av heftige regnbyger som tromma på scenetaket.

…… Her bers det oppover bakkane til Kleiva….. Foto: Wenche Kvendset

Heile gjengen samla i trappa på kulturhuset før start. Foto: Wenche Kvendset

 

Publisert: 30. august 2019, 07:46