I natt, nærare bestemt kl 2.00 stiller vi klokka fram ein time – til kl 3. Da blir det sommartid og dermed blir dette døgnet ein time kortare. Sommartida vil gje oss ein time lengre og lysare sommarkveldar. Det er ofte diskusjon om klokka skal stilles att eller fram, men her er regelen enkel og grei, for klakka skal alltid stilles mot sommaren – fram om våren og attende om hausten.
Les heile saka
Kleivaprisen blir delt ut kvart år på Kleivakvelden under Vårsøghelga sitt utearrangement på Kleiva. Prisen vart første gong utdelt i 1998. Det er styret for Kleivafondet (formannskapet i Surnadal kommune) som tildeler prisen til nokon dei meiner har «gjort eller gjer ein innsats for kultur og bygdesoge på ulønt og frivillig basis» i Surnadal kommune.
Les heile saka
I ein epost frå Næring- og utviklingsavdelinga i Surnadal kommune, får vi informasjon om kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak i Surnadal kommune. Informasjon om ordninga og kva kriterium som gjeld kan du lese nedanfor.
Les heile saka
Vanlegvis er det jula ein assosierer med overraskingar i form av gåver, men på ettermiddagen i dag dukka Kari Kvendset og Jorunn Ørsal, frå Todalen Sanitetsforening, opp på Todalen oppvekstsenter med ei skikkeleg overrasking til elevane og dei tilsette. Ei overrasking både elevane og dei tilsette sette stor pris på!
Les heile saka
Tidleg i ettermiddag kom gladmeldinga om at Telia og HENT Group har blitt samde om ein ny distribusjonsavtale av HENT sine TV-kanalar via Telia. Dette gjer at Telia-kundane igjen får tilgang til TV-kanalar som mellom anna: TV3, Viasat 4 og Viasport. Som kjent gjekk Svorka, for ikkje lenge sidan, over frå Telenor til Telia som TV-leverandør, noko som gjorde at Svorka sine TV-kundar ikkje har hatt tilgang på HENT sine TV-tenester.
Les heile saka
Svinviks arboret søkjer etter 2-3 kafemedarbeidarar til årets sesong. Sesongen i arboreet varer i år frå 13.mai – 1.august. Arbeidsoppgåvene vil vere å ta imot gjestar, billettsal, baking/matlaging, servering, reinhald, enkelt hagearbeid og omvising kan bli lagt til stillinga.
Les heile saka
I dag opna Siri Skjerve separatutstillinga si As We Evolve på Møre og Romsdal Kunstsenter i Molde. Utstillinga er open frå i dag og fram til den 25.april. Den 10.april, vil det som ein del av utstillinga, bli arrangert ein kunstnarsamtale, der professor i filosofi ved NTNU i Trondheim, Solveig Bøe, kjem for å ha ein kunstnarsamtale med Siri. Og på toppen av det heile fekk Siri i går gladmeldinga om at ha har fått eit toårig arbeidsstipend frå Kulturrådet.
Les heile saka
Da har vi fått pressemelding frå Surnadal kommune om besøksrutinene ved Surnadal sjukeheim for påska. Sjølv om både pasientar og helsepersonell ved sjukeheimen i stor grad er vaksinerte, så må kommunen forhalde seg til og etterleva nasjonale påbod og anbefalingar. Dette inneber nye besøksrutiner.
Les heile saka
I ei pressemelding akkurat no frå Surnadal kommune, får vi informasjon om morgondagens koronavaksinering. Vi får og informasjon om vaksineringa neste veka (påskeveka) og første veka etter påske. Vi får og ei prognose på den vidare vaksineringa utover i april. Heile pressemeldinga frå kommunen kan du lese nedanfor.
Les heile saka
Påska står for døre, og ved Surnadal kulturhus vil dette medføre nokre endringar i opningstida. Det same gjeld for biblioteket. Kinoen, vil som følge av dei nye smittevernreglane som gjeld frå og med i dag, vere heilt stengt inntil vidare, meni alle fall fram til 12.apil. Nedandor finn du opningsidene for kulturhuset og biblioteket i påska.
Les heile saka
I ei melding, no i kveld, informerer styret i Todalen Idrettslag om at morgondagens årsmøte blir utsett til mai. Grunnen til utsettinga er dei nye nasjonale smittevernreglane, som inneber at alle arrangement som ikkje er strengt nødvendige skal avlysast.
Les heile saka
I kveld var det sesongavslutning for «Barn i løypa» 2021 i lysløypa på Tjønnmyra. Skiføret var det dessverre ikkje att av, så Barne- og undomsgruppa i Todalen Idrettslag hadde laga alternative aktivitetar for dei unge skitalenta denne kvalden. 18 ungar og mange vaksne hadde teke turen til Tjønnmyra for å vere med på sesongavslutninga.
Les heile saka