Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På «togtur» i Sunndalsfjella.

Mari B. Redalen Sundag 26. september 2021

Når ein passerer Hydro aluminium på Sunndalsøra er ikkje det første du tenkjer, at det har vore ein jernbane oppi fjella ovanfor Litjdalen. Men det har det altså vore og i dag har vi gått på tuftane av denne. Første del av banen var ferdigstilt allereie tidleg på 1900 talet, han gjekk frå Sunndalsøra inn til Dalen i Litjdalen. Medan toppheisen og banen vidare inn til Osbuvatnet stod ferdig i 1941. Turen vi gjekk i dag frå Holbuvatnet til toppheisen er ca 1 mil kvar veg, langs den gamle jernbanen. Her får du sjå spor av banen,  og du gjer deg eit godt inntrykk av kor tøft det måtte ha vore å bygd ein jernbane i dette terrenget. Og ein gjer seg nokon tankar om at det måtte ha vore dramatisk utsikt frå toget og ned dei stupbratte fjellsidene. På endestasjonen toppheisen er det enda godt spor av der heisen kom opp, og inntakshuset for kraftleidningen står framleis der. Brakker og andre hus er teke av snøras. Herfrå må du gå tilbake til dammen og parkeringa langs banen, alternativt ha ein bil parkert ved bommen i Litjdalen og ta stien som startar frå toppheisen og ned til Dalen. Stien er både merka og tydeleg, men sikkert i brattaste laget for nokon.

Link til digitalt museum for de som vil lesa meir om Aurabanen:

Digitalmuseum.org

Stikk- ut turen som går på deler av trase´n:

Turbeskrivelse

Foto: Mari B Redalen og Jo Gjeldnes

Publisert: 26. september 2021, 17:41