Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Belyste smertemysteriet for eit lydhørt publikum

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. september 2021

Den pensjoneerte legen og forfattaren Audun Aas gjesta onsdag Senioruniveritetets arrangement i Kammerset – eller om du heller vil kinosalen. Han kalla sitt foredrag «Smertemysteriet» og berørte i sitt timeslange foredrag mange intressange sider med tanke på smertehandtering. 

Audun Aas har gjennom sin legegjerning jobba mykje med smerter av forskjellig slag i over 30 år – og spesielt etter at han vart pensjonist. For 3 år sia kom han også med ei bok om temaet – «Frå vondt til bedre».   

Audun Aas er pensjonert lege og har jobba med smertemysteriet i over 30 år. Foto: Jon Olav Ørsal

Norge er saman med Island på smertetoppen i Europa, utan at ein er sikker på årsaka til det. Ein av faktorane kan faktisk være arv, og da er det ikkje så rart at Island heng med, etter som islendingane stammar frå Vestlandet.  I sverige er de berre halvfparten så mange som slit med smerter. 

Aas fortalte om dei forskjellige typane med smerter som vi slit med, og fortalte om historia med tanke på handteringa av dei mange ulike smertane, der det faktisk er fibromyalgi ligg heilt på topp.  Når han omtala årsaka til smerte så peika han på mange årsaksamanhegar, med blant anna arv, kjønn, søvnkvalitet og mengde, røyking, vekt og kor viktig det er å være aktiv. Psysen spelar også ein rolle oppi det heile, og kan påvirke korleis vi opplever smerte.

Ofte opptrer smerter i lag med andre sjukdomar, og Audun Aas ga uttrykk for at enkelte smerter kunne ha tilknyting til medisinbruk. Han oppfordra til å være forsiktig med å mikse fleire sortar medisin, da ein ikkje har kontroll på korleis fleire medisintypar kan virke når det blir tenkne saman. han oppfordra eldre til å være spesielt varsame med antidepressiva og betennelsesdempande medisinar.  

Etter kvart som vi blir eldre må vi rekne med å kjenne litt smerter av ymse slag, men det skjer ei forandring når vi blir riktig gamle, for det er bevist at dei aller eldste har mindre vondt. Etter kvart som vi blir eldre fungerer også lever og nyrer dårlegare og det påverkar medisinbruken vår og kor godt vi tåler medisinene. 

Det er også forskjell på menn og kvinner. Kva sonm er årsak til det er også litt usikkert, men ein reknar med at mellom anna kjønnshormoner og fysiske forskjellar spelar ei stor rolle.  Audun Aas snakka iallfall til eit lydhørt publikum, og det var tydeleg at det var ein emne som trefte publikums interesse godt. 

Ei lita gåve heilt på tampen, bok i staden for blomster og det vart Audun glad på. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 22. september 2021, 18:49