Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjempegodt lokalt resultat for Demensaksjonen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 23. september 2021

Surnadal demensforening og helselag og Åsgard helselag vil rette ein STOR takk til alle givarar og bøssebærarar i samband med årets Demensaksjon. Det vart samla inn tilsaman 96.736,- kroner i årets Demensaksjon i Surnadal kommune. Dette er eit særs godt resultat, og eit resultat vi er kjempegodt nøgd med, seier leiar i Surnadal demensforening og helselag, Liv Botten

Liv rettar ôg ein stor takk til bedriftene som responderte på mailen deira før aksjonen: 

  • Amfi Bygg Surnadal AS
  • Anders Gjerstad
  • Agroquip AS

Liv nyttar høvet til å takk årets russekull ved Surnadal Videregående skule, som velvillige og fulle av pågangsmot stilte opp som bøssebærarar.

Det er framleis mogleg å bidra i årets demensaksjon ved å vippse til nummer 709094 eller sende bidrag via bankkonto 4040.55.81576

 

Publisert: 23. september 2021, 09:22