Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sunndal – Søya/Todalen G9

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 24. september 2021

Torsdag kveld tok Søya/Todalen sitt G9-lag turen til Sunndalsøra og Lille Ekeberg for å spele seriekamp. Ein kan trygt seie at vêrgudane ikkje spela på lag, da det var skikkeleg dårleg vêr med regn, sterk vind, surt og kaldt. Men kamp vart det, og det vart ein kamp med heile atten mål. 

Bortelaget såg ut til å takle uvêret best, for utover i første omgang hadde dei det meste av spelet, samstundes som dei var i føringa i målprotokollen. Så da laga gjekk til pause, var det bortelaget som hadde scora flest mål.  

Vått, vindfullt, surt og kaldt, men mange mål! Foto: Anja Nordvik

Andre omgang starta på same måte, med overtak til bortelaget både spelemessig og i målprotokollen. Heilt mot slutten av kampen kom heimelaget med ein sterk sluttspurt og putta på nokre mål, men sluttspurten deira var ikkje nok, så ved kampslutt viste resultattavla at bortelaget hadde vunne kampen med to mål. 

Takk til Anja Nordvik for informasjon frå kampen og bilete!

Først publisert: 24. september 2021, 05:00 - Sist oppdatert: 23. september 2021, 20:21