Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Brit skal passe på naturen i Lofoten

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. september 2020

Da vi trefte Brit Grønmyr hang ho i ein stige på fjøsveggen og dreiv innhausting av eple. – Åkerø er prima vare, og på den søraust vendte fjøsveggen får nok epla nok varme til å mognast til smakfull og god frukt, fortel Brit. No er Brit heime hos familien i Todalen ein tur, men til dagleg har ho sitt liv og virke i Lofoten og Vesterålen. Der skal ho passe på at naturen blir teken vare på og bruka på forsvarleg måte.

Les heile saka

Oppdatert informasjon om påvist smittetilfelle med covid-19 i Surnadal

Guro Redalen Fredag 18. september 2020

Surnadal kommune heldt fredag ettermiddag eit pressemøte med oppdateringar knytt til det påviste smittetilfelle med covid-19 i Surnadal. Ordførar Margrethe Svinvik starta møtet med å orientere om at dei iverksatte tiltaka som vi tidlegare i dag har orientert om i denne saka vil halde fram over helga og bli vurdert på nytt måndag. Kommunelege Bjørn Buan […]

Les heile saka

ALTI kjøper Magneten kjøpesenter på Levanger

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 18. september 2020

I ei pressemelding frå ALTI og Berg Eiendom Levanger AS i dag kunngjer dei at eit selskap i ALTI, eigd av LL Holding frå Surnadal (75%) og Bigaio Holding AS frå Førde (25%) har kjøpt Magneten kjøpesenter på Levanger og 3 andre selskap. ALTI kjøper desse selskapa av Berg Eiendom AS på Levanger. Selskapa som er med i handelen er BE Moafjæra 14 AS (Magneten), BE Moafjæra 12 AS (Meny og Europris), BE Moafjæra 16 AS (Rema 1000 og Burger King) og Magneten Drift AS (driftsselskapet til BE Moafjæra 14 AS) 

Les heile saka


Siste friidrettskveld denne sesongen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 17. september 2020

Torsdag kveld var siste friidrettskveld på Bordholmen denne sesongen. No attstår berre aktivitetsdagen på Tjønnmyra for å sette det enelege punktumet for sesongen. Aktivitetsdagen vil bli ein av dei første søndagane. Meir info om dette kjem seinare. 

Les heile saka

Nytt smittetilfelle er påvist i Surnadal

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. september 2020

Det er påvist eit nytt smittetilfelle med koronavirus i Surnadal kommune. Personen det gjeld er isolert og nærkontaktar er i karantene. Alle nærkontaktar har karantene i 10 dagar frå det tidspunktet dei sist hadde nærkontakt med den som er smitta. Dette gjeld også etter påvist negativ test. Det er ikkje gitt at alle husstandsmedlemmar til ein nærkontakt automatisk er i karantene. Den som er ansvarleg for smitteoppsporinga, avgjer kva kategori den enkelte nærkontakt høyrer heime i etter ei heilheitsvurdering av smitterisiko.

Les heile saka

Høsttur rundt Glønavatnet på Nordmarka

Tekst og foto: Bitten Ranes Torsdag 17. september 2020

Værgudene var snille med oss i dag! – De vartet opp med sol og blikk stille, og vi visste å sette pris på den fine høstdagen. I dag gikk turen rundt Glønavatnet, som speilet verden rundt seg. Det er noe spesielt med høsten, den gir en egen ro både i kropp og sjel.

Les heile saka

Gjermund Øysteinsson Moe vald til nestleiar

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 17. september 2020

 Norsk Sykepleierforbund Møre og Romsdal har hatt nettbasert årsmøte i dag. Dette som ein direkte konsekvens av Koronasituasjonen. Delegatane frå heile fylket deltok på møtet via nett. På møtet vart utflytta todaling Gjermund Øysteinsson Moe vald til nestleiar for dei komande 2,5 åra.  

Les heile saka


Grøa J9/10 – Søya/Todalen J9/10

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 16. september 2020

Onsdag tok Søya/Todalen sitt J9/10 lag turen til Grøa stadion for å spele kamp mot Grøa. Kampen vart spela i det som må kallast «ekte nordmørsk» septembervêr, regn og litt vind. 

Les heile saka

Brannvernuke: – Ha brannøvelse hjemme!

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. september 2020

Bli med ha å brannøvelse hjemme i uke 38. Mange av landets skoler og barnehager holder brannøvelse denne uka, gjør det hjemme også! Meld deg på her, så får du informasjon om hvordan en brannøvelse kan gjennomføres: Ha brannøvelse hjemme i uke 38!
Digital Åpen dag 19.9.
Vi inviterer alle barn til en digital åpen brannstasjon på Facebook og YouTube med Brannbamsen Bjørnis som vert. I sendingen lørdag 19.9. kl. 1100, blir det innslag fra flere brannstasjoner i Norge der seerne får være med på slokkeøvelse, redning fra stigebil, teste ut brannslanger og mye annet gøy.

Les heile saka