Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mo skulekorps etterlyser uniformer

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 18. oktober 2021

I ein e-post som tikka inn søndag kveld, etterlyser Elin Moen Lysø, på vegne av Mo skulekorps, uniformer som tilhøyrer korpset. Dei håper å få inn uniformer, som framleis heng rundt om kring i heimar i Øvre Surnadal, Todalen, Kvanne og Stangvik. Uniformene er frå den perioden Mo og Stangvik hadde felles skulekorps. 

Har nokon ei slik uniform hengande, så blir Mo skulekorps veldig glade for å få den «heim att» til korpset. Om du har ei slik uniform hengande, så ber Mo skulekorps om at du tek kontakt med Elin Moen Lysø på telefon 952 59 360 eller Nora Sissel Gulbrandsen Holten på telefon 922 57 971 for innlevering.

Mo skulekorps oppfordrar tidlegare aktive korpsmedlemmer om å sjekke om dei har hengande ei slik uniform!

 

Publisert: 18. oktober 2021, 06:03