Todalen Idrettslag melder at Hett & Svett vil vere stengt på Nasjonaldagen. Så denne veka blir det ope på Hett & Svett onsdag 19. og fredag 21.mai. Neste veke held Hett & Svett ope som vanleg, altså måndag 24, onsdag 26 og fredag 28.mai.
Les heile saka
Da er 17.mai programmet for Todalen 2021 klappa og klart. På grunn av gjeldande smittevernreglar blir feiringa i år òg tilpassa dette. Tradisjon tru blir det biltog og gudsteneste. Feiringa tek til med flaggheising og song på Matkroken klokka 11:00. Umiddelbart etter flaggheisinga startar biltoget. 17.mai-komiteen oppfordrer alle til å møte i god tid før flaggheisinga. 17.mai-komiteen vil vere tilstades og dirigere trafikken og organisere biltoget.
Les heile saka
Laurdag ettermiddag vart OBOS-ligaen sparka igang att, etter ein «lang» vinterpause. Først ute var kampen mellom Ålesund og Bryne, som vart spela på Color Line stadion i Ålesund. Her fekk 16-åringen Nikolai Søyset Hopland sin debut på dette nivået. Nikolai er sonen til Anne Søyset frå Heimstad i Hallsetgrenda, og bestemor er Marit Sanden Søyset. Bestefar, Alf Søyset, var i si tid ein habil og ivrig fotballspelar og seinare lagleiar og hjelpemann på Todalen sitt fotballag i mange år.
Les heile saka
Teatret Vårt kjem til Surnadal kulturhus med framsyninga «Virvelvind» søndag 30.mai klokka 19:00. «Virvelvind» er eit teaterstykke der Teatret Vårt har laga teater basert på 17 av songane til Ane Brun, som ho sjølv har omsett til dialekt. Dei lovar ei framsyning som inneheld både lifleg bris og heftige vindkast!
Les heile saka
Det har gått eit stort snøskred i Storlidalen, og det er massiv uttrykning til rasstaden med både SAR Queen, Luftambulansen og lokale redningetatar. På radioen vart det etterkvart meldt av tre spor som går inn i raset er gjort rede for, men det er uvisst om det er fleire.
Les heile saka
Tysdag 18.mai arrangerer Fjellgruppa i Pensjonistlaget tur til Øvre Surnadal. Turdetaljane er ikkje heilt klare enda, men det blir tur og oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30, for samkøyring opp til Åmot og parkering ved fabrikken til Ingolf Dønnem, der det er ordna med løyve for parkering.
Les heile saka
Da er Stikk UT!-koden for sesongen 2021 på plass på Tjønnmyran. Stikk Ut!-kontakt i Surnadal, Norunn Holten, melder at det opna for registrering av turar i rundturen om Tjønnmyran 13. mai.
Les heile saka
Så var det endelig klart for årets første tur for stavgang-gruppa. Vanligvis har vi vært i gang rundt 20. april, men pga. Coronarestriksjonene og full vinter i april ble starten noe utsatt. Stavgang-komiteen måtte dessverre konstatere at Bitten og Kristian Ranes gjekk ut i år, og Brynhild og Svein Tjelle kom inn. Bitten og Kristian har lagt ned en stor innsats gjennom mange år, og vi takker for arbeidet de har lagt ned for gruppa. Når det er sagt er vi sikre på at Brynhild og Svein blir verdige arvtakere.
Les heile saka
På Todalshytta fell brikkane på plass, ein etter ein, og no er menyen klar til å presenterast for publikum, fortel Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta. – Ein rask kikk på menykartet avslører at «Kammerpike Edits SPISERI», som restauranten kalles, har litt av kvart å by på. Her finn du Ethelberts Ulendte, som er viltlasagne med lokal hjort, eller Klepper Halles Landing, som er dagens ørret/laksefìlét. Men du finn også mykje anna godt på menyen – både kjøtt, fisk og fugl. Nedafor finn du heile menykartet….
Les heile saka
Songteksta til Gluntan er stadig like aktuell – det er faktisk mykkjy som kjem fram når snøen forsvinn. Leiar i Nordvik grendalag har tømt søppelsennen han samla mellom Svinvika og Nordvik, og viser at det er nyttig å samle søppel rundt vegkantane. Nordvik Grrendalag hadde aksjon måndag kveld for å rydde til 17. mai og for å rydde vekk alt søppel som har vorte liggande i løpet av vinteren.
Les heile saka
Fjellgruppa i pensjonistlaget opna årets sesong med tur frå Kallset og utover til Kvalnesvika i Bøfjorden. Vêrgudane varta opp med strålande solskin og varme i lufta, så det vart ein fin tur for dei totalt 32 som var med på turen. Så ein kan trygt seie det vart ein storfin start på årets sesong for fjellgruppa til Surnadal Pensjonistlag.
Les heile saka
Vi vaksinerer like mange som tidlegare, men med vaksineforsyningane vi får frå FHI no, vil det kun vere til dose 2 vi får vaksiner. Dette betyr i praksis at det blir ein kortare pause i vidare innkalling til dose 1 i gruppe 4. Vi tek sikte på å kunne starte opp med innkalling til dose 1 for denne gruppa seinast i veke 22. FHi har varsla at det vil bli eit betydeleg løft i antal vaksinedoser inn til landet frå juni og utover. Mange kommunar heng litt etter no i mai, men ventetida er, trass i alt, snart over for dei fleste.
Les heile saka