Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Heittgjort – både bok og revy er klar

Jon Olav Ørsal Måndag 15. november 2021

Det var ein stolt gjeng som møtte pressa i foajen på kulturhuset måndag føremiddag.  Dei representerte både bokprosjektet «Heittgjort» og revyprosjektet «Heittgjort» – begge prosjekta er etablert for å ta vare på den viktige kulturhistoria om revymiljøet i Surnadal i perioden 1965 til 2020.  Dei fire var Trygve Roaldset som representerte Surnadal Heimbygdlag som utgjevar av revyboka, Styrkår Brørs som forfattar av boka, Svein Sæter som har vore redaktør for bokprosjektet og Øyvind Holte som har hatt ein fot i både bokprosjektet og revyprosjektet. 

Revyboka heittgjort – 265 sider med revyhistorie frå 1965 – 2020.

Boka er alt på plass i bokhandelen både i Surnadal og Sunndal, og kjem nok for sal andre plassar og etter kvart.  I helga kjøres revyen «Heittgjort», med førestillingar både fredag kveld og laurdag kveld. Revyførestillinga har mykje gode og gamle tekster med frå tidlegare revyframsyningar og er meint som ei slags promotering av revyboka. Derfor blir det da sal av boka både før, under og etter revyførestillingane.

For Surnadal heimbygdlag er dette bokprosjekt nr 15, og leiar Trygve Roaldset var glad for at heimbygdlaget fikk høve til å bli med på denne produksjonen og han rosa også både redaktør og forfattar  – vi kunne ikkje fått betre folk på denne oppgåva, sa han.  Det har vorte ei flott bok på heile 265 sider.  – Vi har bruka ekstra fint papir i boka med tanke på at bilda skal bli bra presentert, fortel Svein redaktør.  Kvar bok veg forresten heile 820 gram og det bekreftar nok papirkvaliteten.

Det er nok mange som vil kjenne seg att på bilda i boka – det har faktisk vore eit problem å prioritere mellom bilda, seier Svein redaktør.

Boka «Heittgjort» viser kor rikt eit kulturliv ein har hatt i Surnadal – boka er fullspekka av omtaler av eit 50-tals førestillinger som har gått på scener i Surnadal i perioden frå 1965 og fram til no – førestillinga som tilsaman har solgt over 60.000 billettar  og med tusenvis av personar som har vore involvert på ein eller anna måte.  I denne perioden er det 3 år – 95, 96 og 97 at det ikkje har vore førestillinga. Det var i overgangen frå BU til Svarraberget.  Til gjengjeld har det enkelte år vore fleire oppsettingar. Frå 1998 har det vore Svarraberget Teaterlag som har vore ansvarlege for revyane.  Gjengen er litt stolt av at dei har klart seg godt med økonomien gjennom alle år  – vi har ikkje hatt noko behov for å gå til kommunen med hatten i handa.  Einaste støtta vi har fått er kulturmidlar til produksjonen av «Trost i taklampa» .  Den gongen var vi rundt i fleire kommunar med førestillinga, og det var ganske krevande med 90 personar i staben. 

På revyen vil vi no sjå både «gamle» og nye ansikt. Mange har nærst vore med heile tida. Foto: Camilla Hyttebakk

Svein Sæter som har vore redaktør skrytte uhemma av arbeidet som Styrkår har lagt ned i prosjektet.  – Han må ha hatt eit kjempearbeid med å finne kjelder og opplysningar og bilder til bokprosjektet som han omtalar som veldig velskrevet.  Styrkår har nok hatt godt kjennskap til kva som har gått føre seg i revymiljøet, for han har vore med både som aktør og revyfiorfattar i heile denne perioden.  Det har også Øyvind Holte som har vore til god hjelp både for bokprosjektet og for revyprosjektet.  Det har forresten vore stor tilgang på bilder til bokprosjektet – faktisk så omfattande at det enkelte gong har vore vanskeleg å prioritere.  Men Svein legg ikkje skjul på at det er Styrkår Brørs som har vore krumtappen i disse prosjekta, der boka faktisk er krona på verket.  Svein legger til at Styrkår i boka også har vore dyktig til å løfte fram dei som ikkje har vore på scena men som har gjort gode jobbar med andre ting.

Komande fredag er det premiere for revyen «Heittgjort» i Surnadal kulturhus.  Da blir det faktisk trippel heittgjort i kulturhuset – bå de bok og revy og i tillegg vil Surnadal Bygdekvinnelag servere smaksprøvar av nettopp heittgjort.  No foregår innspurten på førebuingane til revyen og vi har fått eit par rollebilete, og det er enno nokre ledige billettar – både til førestillinga fredag kveld og til laurdag kveld.  Her kan du klikke på linken og kjøpe deg billett.   Og som sagt kan du kjøpe boka både før og etter førestillinga – og i pausen!

Surnadal Heimbygdlag er medlem i Todalen.no

Øyvind Holte i kjent stil . med landsembag og sikkert på tur til enten VM eller OL? Det blir nok mange artige gjensyn på revyscena. Foto: Camilla Hyttabakk

 

Publisert: 15. november 2021, 14:30