Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søndag kl 15: – Bokslepp frå Todalen historielag

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. november 2021

Historielaget er i rute. Det er lenge sia det vart bestemt at det søndag førstkomande den 14. november er det bokslepp for historielagets årsskrift, som i år er nummer 20 i rekkja. Trur at vi tør å være såpass påståeleg at vi kan seie at dette er det beste årsskriftet «ever».  – Det er Dordi Jorunn Halle som har vore redaktør, men det har vore fleire skribentar, og den grafiske produksjon er det Rolf Olav Nordvik som har stått for. 

Det er mykje bra stoff i årets nummer, og vi kan mellom anna nemne at Todalshytta og Phillipstida i Todalen er eit sentralt tema.  Det er også Svinviktunnelen, 100-åringen Jenny Kvendset, Todalen Samvirkelag, Nordvik-skulen og mykje anna stoff med historisk sus.

The Invalidos på scena på Bordholmen. Frå venstre Ola Baardset, Erling Myrbostad, Gudmund Husby, Hroar Kvande Jon Bjarne Husby og Erik Moen (Johs Holten hadde forfall) Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Historielaget minner om at eit årsskrift er inkludert i kontingenten, og at dette kan hentast på boksleppet. I tillegg til årsskriftet får medlemane eit par ekstra godbitar med seg heim!
Elles kan vi røpe at det blir skikkeleg underhaldning etter boksleppet, da gruppa «Invalidos» vil sørge for eit musikalsk innslag – med full besetning og trekkspell, bass og gitar. 

Sjølvsagt blir det traktering – nystekte bakels med graut til kaffen!

Eit par aktuelle tema som er omtala i årets hete – åpninga av Svinviktunnelen og minner frå glanstida for engelsk turisme i Todalen.

 

 

Publisert: 13. november 2021, 12:00