Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen historielag samla 70 til bokslepp

Jon Olav Ørsal Sundag 14. november 2021

Årets høgdepunkt i Todalen historielag er boksleppet som skjer i midten av november kvart år. At det er stor interesse for lokalhistoria i Todalen er lett å sjå når premieren for årets årsskrift samla så mykje folk. 

Årets årsskrift er på 84 sider – spekket av interessant og variert lokalhistore. Det er Dordi Jorunn Halle som har vore redaktør for årets årsskrift. Foto: Jon Olav Ørsal

Årets årsskrift er som vanleg på rundt 80 sider med variert stoff frå lokalhistoria i Todalen og frå Nordvik.  I årets skrift er det mykje stoff frå Nordvik, der det er omtale om skulen og om vasskraft i ulike former.  I tillegg finn vi prologen og anna stoff frå opninga av Svinviktunnelen. I tillegg er det ein omfattande omtale av Todalshytta og minner frå glanstida for den engelske turismen på Nordmøre først på 1900-talet. Elles er eit kapittel med gamle  bilde frå «Minneboka» og eit kapitel om Alf Ramsøy – og ans liv og virke som gardbrukar, idrettsmann og kulturberar. Jenny Kvndset som feira 100-årsdag tidlegare i haust har også fått sitt kapitel i heftet.

Det vqar stor interesse for årsskrifta – Wenche Kvendset og Sven Olav Svinvik sørga for utlevering og sal av årsskriftet. Foto Jon Olav Ørsal

John Moe er leiar i historielaget. Han hadde ei overrasking til medlemane da det var eit aldri så lite jubileumn med årsskrift nr 20. Han delte ut eit hefte om eldre gardshistorie i Todalen, Nordvi og Drøpping og boka om Todalshistoria til medlemane. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er Dordi Jorunn Halle som har vore redaktør av året årsskrift, og ho må få skryt for å ha levert eit produkt av høg kvalitet. I tillegg til Dordi har det vore fleire skribentar som har levert stoff til årsskriftet. Boksleppet vart spissa med musikals innslag av veterangruppa «The Invalidos» med Jon Bjarne Husby som kapellmeister.  Dei sørga for å sette preg på arrangementet med sin gamaldansmusikk og hausta mykje applaus frå publikum. Bei bydde på gammaldansmusikk av både Jularbo og andre kjente komponistar – og dei hausta mykje applaus for det. 

The Invalidos på scena – frå venstre Ola Baardset, Erling Myrbostad, Johs Holten, Hroar Kvande, Jon Bjarne Husby, Erik L. Moen og Gudmund Husby. Dei fekk mykje applaus for musikken sin. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var sjølvsagt både traktering med kaffe og bakels med graut – og det var også utlevering av årsskrift til medlemane og sal av årsskriftet til dei som ville ha fleire.  Årsskriftet blir no lagt ut for sal på Matkroken i Todalen og bokhandelen i Surnadal.

Bildegalleri frå søndagens bokslepp for Todalen historielags årsskrift for 2021.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 14. november 2021, 19:32