Dei siste veken har det pågått dugnadsarbeid på turstien opp til Åsbøsnyta. Det er trimgruppa i I.L. Søya og iherdige deltakarar frå Nærmiljøet på Nordvik som har lagt ned ein stor innsats for å gjøre tuyrstien betre. Det er lagt ut plankar for å gå på, og det er laga mange små grøfter for å lede vekk vatnet frå stien.
Les heile saka
Anders Talgø heldt laurdag kurs for nye birøktarar. Det var seks stykke med på kurset, i tillegg til tre erfarne røktarar og ein lærling. Kurset foregjekk på Skulstuå i Todalen, og det er det første i rekkja av fleire samlingar i år.
Les heile saka
Laurdag var første dag med førehandssal for Todalen Idrettslag sitt Sommarlotteri. Årets Sommarlotteri har 5 flotte gevinstar med ein samla verdi på nær 10.000,- kroner. Trekninga er under Todalsdagen, som går av stabelen laurdag den 26.juni. Om du ønskjer å kjøpe lodd, kan du vippse beløpet du vil kjøpe lodd for til vipps 527926 (Todalen I.L. – Lotteri). Kvart lodd kostar kr. 20,- og du må hugse å skrive «Lodd og namnet på den loddet skal stå på», når du vippsar.
Les heile saka
I morgon startar førehandssalet på Todalen Idrettslag sitt Sommarlotteri. Trekninga blir under Todalsdagen den 26.juni. Førehandssalet startar på Matkroken Todalen klokka 10:00 i morgon og varer til 15:45. I år er det fem flotte premiar som blir lodda ut på Sommarlotteriet.
Les heile saka
Soleklar seier til Todalsfjorden seint ein vårkveld og Ingri Bruset. Med godt over hundre stemmer var nok Todalsfjorden favoritt hos mange.
Les heile saka
Styret i Todalen historielag har i kveld vedteke å avlyse årets årsmøte. Årsmøtet skulle eigentleg vere i mars, men vart utsett på grunn av smittevernreglane til komande tysdag den 15.juni. Restriksjonane som framleis gjeld gjer at Todalen historielag no altså vel å avlyse årets årsmøte.
Les heile saka
I går kveld tok Søya/Todalen sitt G9 lag turen til Bæverfjord og Bæverfjord stadion for å spele seriekamp mot Bøfjord/Bæverfjord. Heimelaget hadde ikkje greidd å finne dommar til kampen, så Anders Gjeldnes stilte sporty opp, og på kort varsel tok han på seg å dømme kampen. Og rapportane seier at han gjorde ein god jobb som dommar!
Les heile saka
Tysdag 15.juni kan du bli med Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Fauskåvatnet. Oppmøte på parkeringsplassen framom Øye kyrkje klokka 10:30. Derifrå er det samkøyring inn til bommen i Østbødalen. Dei som bur slik til at det er kortare å køyre direkte til bommen gjer det. Bomavgifta er kr. 30,-.
Les heile saka
Todalen Grendalag minner om årsmøte sitt i Todalen ungdomshus onsdag 16.juni klokken 19:00. No ligg den endelege sakliste for årsmøtet òg føre. Den kan du sjå nedanfor. Todalen Grendalag oppfordrar folk til å møte opp!
Les heile saka
Da dagleg leiar for Talgø Tradbo, Tor Olav Vatn, var på veg frå Todalen og utover til Haugen vegkryss på føremiddagen no i dag, fekk han fanga nokre fine bilete av ei gaupe som kryssa vegen i Rabban på Nordvik.
Les heile saka
For tredje året på rad samarbeider Atleta og Svinviks arboret om å tilby Yogo ute i den vakre botaniske hagen i Svinvika. Dette er eit samarbeid, der Atleta og arboretet vil gje noko til folket, så tilbodet er gratis. Atmosfæren og stemninga er det naturen som skaper. Sola varmer kroppen, fuglane syng sine vakraste songar og blomstrane gjev positiv effekt og stressar ned. I går kveld vart den første av tre Yoga-kveldar i arboretet arrangert.
Les heile saka
Rundt 6:40 i dag, fekk politiet sin operasjonssentral melding om at ein bil hadde køyrd av vegen ved Åsbøen på Fv 6145. Bilen hadde hamna i grøfta, godt rundt og vart liggande på taket i grøfta på oversida av vegen mellom Åsbøen og Sjøleet. Det var ein person i bilen, som var på veg innover, da ulykka skjedde. Han vart teken hand om av ambulansepersonell og køyrd til sjukehus.
Les heile saka