Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Månadens bilete juli

Mari B. Redalen Sundag 9. august 2020

Godt over i august og klare med juli sin kåring av månadens bilete. Mukje fine bileter som alle fortjener heder og ære. Gje din stemme til det du likte best. Takk til alle som har sendt oss bidrag

Les heile saka

«Stangvikfjord» snart klar for Kvanne-Rykkjem

Tekst og foto: Terje Holm Laurdag 8. august 2020

Lørdag 8. august kom nye «Stangvikfjord» til Kristiansund fra Havyard-verftet i Sogn. Den er søsterskip til de to nye ferjene som er satt i rute på Edøyfjorden, «Smøla» og «Møringen». Med en kapasitet på 50 biler og en fin utsiktssalong med selvbetjent kiosk, er dette populære ferjer som gir de reisende en flott opplevelse over fjorden med kaffe og svele.

Les heile saka

Med kokegroper og gamle stiar – historisk vandring på Hala

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. august 2020

Todalen historiela har eit årleg arrangement med historisk vandring i ei av grendene. No var turen komen til Hala, der Eivind Grønmyr og Trygve Halle med fleire hadde regien på programmet som informantar. Dei siste åra har det faktisk vore litt historisk sus over Halagrenda, der fylkesarkeologen har funne spor etter gamal busetting – faktisk helt attende til 400-talet. Frode Grønmyr hadde sett seg godt inn i historia og hadde ei interessant forteljing om Hala-grenda i historisk til fram til nyare tid. 

Les heile saka

Vellukka sjøfiskekveld på Nordvik

Stig Husby Laurdag 8. august 2020

Fredag kveld inviterte Surnadal Jeger og Fiskeforening til sjøfiske på Nordvik. Dei inviterte barn med foreldre, og oppfordringa var å ta med seg fiskeutstyr, samtidig som arrangøren stilte med noko fiskeutstyr og båter.

Les heile saka

Tedros sørger for at vi får laurdagsavisa

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. august 2020

At vi får våre aviser på laurdag kan vi takke Tedros Haile Issak for. Han er avisbud for Todalen, og har også ansvaret for at Lykkjeeidet, Kvanne og Stangvika får sine aviser.  Kvar laurdag rykkjer han ut med ein stor avisbunke og kjører heile runden og heilt oppover til Kårvatn før han snur.

Les heile saka


Skulejubileum «Mitt Prosjekt 4»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 7. august 2020

Då flyttar vi oss til notid, men held oss framleis innafor fagfeltet handarbeid. Denne gongen er det Van Adrian H. Ansnes si pute som han laga i 6.trinn skuleåret 2017/18 og veska han laga i 7.trinn skuleåret 2018/19 vi presenterer. Det var Marit Sæter Lediard som var lærar i handarbeid ved Todalen skule då Van Adrian laga puta og veska. Marit er framleis lærar ved Todalen skule, og ho tok våren 2019 master i Design, kunst og handverk (Skaparglede) og då Van Adrian laga veska si var det ein del av Marit si masteroppgåve.

Les heile saka

Ryddedugnad rundt ungdomshuset

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 6. august 2020

Onsdag kveld arrangerte Drift- og anleggsgruppa i Todalen Idrettslag ryddedugnad rundt ungdomshuset, for å pynte opp til Sommarfesta på laurdag. Både busker og små tre måtte gje tapt for ein effektiv dugnadsgjeng. Graset rundt ungdomshuset vart strigla og stelt. Grusplassen ovanfor ungdomshuset vart overgått og grastustar og blomster som hadde vokse opp fjerna. Det var […]

Les heile saka

Medlemsmøte i Todalen sanitetsforening

Dordi Jorunn Halle Torsdag 6. august 2020

Styret i Todalen sanitetsforening melder at det blir medlemsmøte i Sanitetshuset tysdag 25. august kl. 18:30. Møtet vil bli arrangert i tråd med smittevernreglane for hygiene og matservering. 

Les heile saka

Fjellgruppa startar på igjen!

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. august 2020

Surnadal Pensjonistlags Fjellgruppe startar opp etter ferien tirsdag 11.8. Vi møtes på parkeringsplassen ved Øye kyrkje kl 1030 og får til samkjøring til Bøkleppen. Derifrå går vi til toppen av Bølia. Ta med mat og drikke.  Det blir ein fin dag!    Tor Asle, Brage og Kristian er vertskap på turen!


«Et klassebilde»

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. august 2020

Som det heiter i Tre Små Kinesere sin klassikar «Klasebild» frå 1994. Etter at vi for eit par veker sidan, presenterte Ingri Bruset sitt «Mitt Prosjekt 2», der ho hadde lagt med eit klassebilete frå skuleåret 1965/66, så har vi fått nokre spørsmål om namna på dei som var med på biletet. Biletet vart som tidlegare skrive teke skuleåret 1965/66 og viser 4 og 5.trinn ved Todalen skule dette året.

Les heile saka

Innfører forsterka besøksrestriksjonar ved Surnadal sjukeheim for perioden 4.-31. august

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. august 2020

Kommuneoverlegen har vald å forsterke besøksrestriksjonane ved Surnadal sjukeheim. Dette skjer i ein periode kor mange kjem heim frå ferie, og vil altså gjelde ut august i første omgang. Ferieavviklinga avrundast no så smått for dei fleste, og kvardagen kjem att. Etter ein sommar med reiseaktivitet og selskapelegheiter for mange ser vi no auka smitteførekomst av Covid-19 i Norge.  I samråd med kommuneoverlegen forsterkar no sjukeheimen besøksrestriksjonane i august pga. generell auka smittefare framover. Slik kan vi med større sannsynlegheit unngå at smitte kjem til sjukeheimen. Vi har skaset regelverket frå heimesidene til Surnadal kommune, der oppdatering vart lagt ut 4.8.2020.

Les heile saka