Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innfører forsterka besøksrestriksjonar ved Surnadal sjukeheim for perioden 4.-31. august

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. august 2020

Kommuneoverlegen har vald å forsterke besøksrestriksjonane ved Surnadal sjukeheim. Dette skjer i ein periode kor mange kjem heim frå ferie, og vil altså gjelde ut august i første omgang. Ferieavviklinga avrundast no så smått for dei fleste, og kvardagen kjem att. Etter ein sommar med reiseaktivitet og selskapelegheiter for mange ser vi no auka smitteførekomst av Covid-19 i Norge.  I samråd med kommuneoverlegen forsterkar no sjukeheimen besøksrestriksjonane i august pga. generell auka smittefare framover. Slik kan vi med større sannsynlegheit unngå at smitte kjem til sjukeheimen. Vi har skaset regelverket frå heimesidene til Surnadal kommune, der oppdatering vart lagt ut 4.8.2020.

For perioden 4.-31. august gjeld følgjande besøksrestriksjonar:
• Bebuarane kan berre ha besøk av nærmaste pårørande (inntil 2 stk) i 1 time pr veke, 1 person om gongen.
• Pårørande som har vore i utlandet med heimkomst siste 2 veker kan ikkje komme på besøk.
• Ikkje kom dersom du har forkjølelsessymptom, sjølv med milde symptom.
• Unngå klemming og handhelsing, og hald 1 m avstand.
• Vask og desinfiser hender, og host i albuen.
Besøk foregår helst utandørs. Innebesøk foregår på bebuarrom.
Avdelingane er behjelpelege med videokommunikasjon.

Alle besøk skal framleis avtalast på førehand med avdelingene, ring:
• BOA: 481 71 283
• Kåret: 481 99 602
• Langtids 1: 481 71 804
• Langtids 2: 481 78 164

Alle besøk blir protokollført som tidlegare.
Ved alvorleg sjukdom vurderer vi unntak frå restriksjonane som før.
Biltur med nærmaste pårørande er ok. Selskap osv. med fleire til stades vil bli sagt nei til i denne perioden.
Vi ser helst at det ikkje blir sendt leveransar til pasientane i perioden.
Frisering, fotpleie og annan 1:1-pleie blir utsett.
Ta kontakt ved spørsmål.

På førehand takk for forståing og samarbeid til det beste for våre bebuarar.
Surnadal Sjukeheim

Publisert: 5. august 2020, 14:49