Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Historielaget minner om kulturvandring i Halagrenda i Todalen

Dordi Jorunn Halle Fredag 7. august 2020

Laurdag 8. august inviterer Todalen historielag til kulturvandring på Hala. Det blir start frå Steinarstuå på Hala kl. 12.00. Lokale guidar vil orientere om gammal og nyare historie og hendingar.

Halagrenda har mykje interessant historie å by på. Utgravingar med funn av stolpehol og kokegroper viser at det budde folk her for 1500 år sidan. Alle fem gardane låg rundt 1800 samla i klyngetun på Storbakkå, og alle gardane er i drift den dag i dag. Første skulehuset vart bygd her i 1864 og ny skule i 1920. I 1990 vart det barnehage.

Etter orientering på Storbakkan går turen ned Storbrekkå til Pestuå, vidare til Øyann og skulen. Derifrå opp Pilskaret og innover Skeidet og held fram forbi  Brusetbrua og innover langs Toåa til Skogstad. Herifrå er det plana å gå opp til Trøa og ut Bjønnadalen og Flathaugen og ned att til Austistuå og Steinarstuå. Da er det lurt å ha gode sko. Alternativet er å returnere etter allmannvegen til Storbakkan.

Etter vandringa blir det servering av graut, bakels og kaffe på Storbakkan.

Halagrenda strekker seg frå Heggeskaret, grensa til Husby ved vegen til Flathaugan, og innover forbi Ramsøya til Heggøyan. Men det blir for langt å ta heile dette området på ei vandring.

Kulturvandringa vil bli lagt opp etter reglane for smittvern.

Leiaren i historielage, John Moe, stiller med megafon.

Alle er velkomne til å bli med på vandring med interessant lokal historie!

Todalen skule, Nyskulen og Gammelskulen. Frå arkivet til Todalen historielag.

Publisert: 7. august 2020, 09:40