Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med kokegroper og gamle stiar – historisk vandring på Hala

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. august 2020

Todalen historiela har eit årleg arrangement med historisk vandring i ei av grendene. No var turen komen til Hala, der Eivind Grønmyr og Trygve Halle med fleire hadde regien på programmet som informantar. Dei siste åra har det faktisk vore litt historisk sus over Halagrenda, der fylkesarkeologen har funne spor etter gamal busetting – faktisk helt attende til 400-talet. Frode Grønmyr hadde sett seg godt inn i historia og hadde ei interessant forteljing om Hala-grenda i historisk til fram til nyare tid. 

Eivind Grønmyr var ein av informantane på Hala – her saman med John Moe som er leiar i historielaget. Det vanka ei og anna historia også på rundturen. Foto: Jon Olav Ørsal

På 1600-talet var nærast heile Hala-grenda bygd saman i ei klynge på Storbakkan, der som Steinarstua er lokalisert i dag. – Bruka vart etterkvart spreidd utover, slik dei ligg i dag, fortalte Eivind.  Han orienterte også om gamle husmannsplassar som er borte i dag og om korleis elva har forma terrenget og skifta far. 

Trygve orienterte om den store fjøsbrannen i Austistua i 1953.  Da brann fjøset heilt ned, og ein berga berre såvidt våningshuset på garden.  Brannvesenet var ikkje så godt organisert den gongen, men det blir sagt at fabrikkarane på Talgø fikk æra for å ha berga våningshuset med eit stort brannsegl.  Det tok den gongen lang tid for å få hjelp utafor bygda, så da brannvesenet frå kvanne og Surnadal kom var fjøset nedbrent. 

Ved Trøa bar det oppover bakkane til Flathauan, før turen gikk tilbake til kaffe og nystekte bakels i Steinarstua. Foto: Jon Olav Ørsal

Vidare gikk turen nedover Storbrekkå og via Kveldro og Øyann til skulen. Dordi Jorunn Halle orienterte om historia til todalsskulen – både gammelskulen eller Skulstuå som ho heiter og nyskulen som i år er 100 år.  Frå den spede start med skulehus i 1860 var det ei stor utvikling.  Den første skulen som vart teken i bruk 1864-65 var det rundt 80 elevar i år 1900 og 92 elevar i 1914. Ny skule med 5 klasserom vart altså bygd i 1920.  Skulen frå 1920 har seinare vore pågbygd i fleire etappar med både gymsal og arbeidsrom for tilsette.  I 1990 vart det bygd barnehage .  Gammelskulen vart i 2012 overteken av skulstuas venner, som i dag driv Skulstuå. 

Trygve fortel om fjøsbrannen i Austistua i 1953 – assistert av John Moe med megafon. Foto: Jon Olav Ørsal

Etterpå bar det innover til haugabu og Bakkan, og vidare innover til Skogstad og oppover via Trøa opp til Flathauan.  Deretter gikk turen attende til Steinarstua, der det vart bydd på traktering.  Det smaka godt av nystekte bakels med graut etter ein slik «utmarsj».  Eivind hadde laga smørgraut og Åshild bydde på mølsgraut og vi kan ikkje gjera anna enn å gi dei litt ros for det.

Nedafor finn du eit bildegalleri frå den historiske turen rundt Halagrenda denne dagen.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

 

Publisert: 8. august 2020, 17:32