Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Romjula på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 23. desember 2021

Romjula er tradisjonelt ei tid der mange nyttar høve til å gå på kino. I år blir det eit, som følge av smitteverntiltaka eit begrensa tilbod, men for all del, det blir mogleg å ta seg både ein og to turar på kino. Surnadal kino har tilbod fire dagar i romjula, og viser kvar av desse dagane to filmar.

The Matrix Resurrections

For å ta det siste først: det blir premiere på «The Matrix Ressurrections» i romjula, og kinoen vil altså vise filmen fire dagar etterkvarandre – og til same tid: kl. 14. Klassikaren «The Matrix» kom for over tjue år sia, men Neo (Keanu Reeves) og Trinity (Carrie-Anne Moss) har grunnform nok inne til å gå laus med nye basketak – i den verkelege verda, eller den vi innbiller oss er verkeleg. Og kanskje er filmane enno meir aktuelle no, sia maktpersonar har vorte langt meir utspekulerte i bruk av sosiale media og internettet for å påverke oss om kva som er sant og usant?

The Matrix Resurrections

Før «Matrix», kl. 12 kvar dag, går anten «Tre nøtter til Askepott» (jau, det ser ikkje ut til at folk får nok av den) eller animasjonsfilmen «Snødronningen».

Snodronningen

«Snødronningen» er basert på eit eventyr av H. C. Andersen. Den onde snødronninga sender nordavinden over verdas siste trollmann for å fange han, og det gjer også at familien til trollmannen kjem frå kvarandre. Dottera, Gerda, får hjelp frå eit troll da ho skal få faren fri og familien samla igjen. «Snødronningen» er ei stor norsk filmsatsing som vil bli følgt opp av nye filmar.

Snødronningen

Begge familiefilmane har aldersgrense 6 år, medan Matrix-filmen opererer med 15-års-grense. Heile programmet finn du på «surnadal-kulturhus.no».

Tre nøtter til Askepott

Ein må og føye til at dei nasjonale smittevernkrava fører til at det blir selt maksimalt femti billettar til kvar framsyning. Det er krav om bruk av munnbind om avstanden til dei utafor eigen «kohort» er mindre enn ein meter. Men om kvar «kohort» kjøper billett på nett kvar for seg, blir dette ordna automatisk i billettsystemet vårt. Og sjølvsagt: er du småsjuk (eller storsjuk, for den del), skal du ikkje møte opp på offentlege arrangement.

Kulturhuset og kinoen er ope på dagtid måndag til torsdag i romjula, og da blir det vist to filmar kvar dag: ein familiefilm og så den nyaste Matrix-filmen.

Publisert: 23. desember 2021, 16:00