Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene


Vintersesongen i gang på Tjønnmyra

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 24. november 2020

Anleggsleiar for lysløypa på Tjønnmyra, Ståle Ansnes, fortel at løypetraseen no er tråkka, men at det ikkje er køyrt på spor endå. Grunnen til dette er at det ikkje er nok snø endå til å gjere det, men det er snø i heile traseen og fine forhold for ein skitur. 

Les heile saka

Fotpleie i desember

Dordi Jorunn Halle Tysdag 24. november 2020

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 7.  desember  og tysdag 8. desember. Det er mange ledige timar båe desse to dagane.

Les heile saka



Det blir julegate i år òg – men ikkje Julemarknad

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 23. november 2020

Laurdag 28.november klokka 17:00 tenner Todalen Grendalag den, etter kvart, tradisjonelle julegata si mellom Matkroken og Talgø, og på Talgø. Den planlagde julemarknaden må dessverre avlystast. Dette på grunn av Koronasituasjonen. 

Les heile saka

Evaluerer og satsar fullt på ny sesong for Todalshytta – oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 22. november 2020

Når vi treffer Arve Evensen, er han i gang med å rive ut kjøkeninnreiinga på Todalshytta.  Den er gammal som arvesynda, og avslørte seg i sommar da det vart skikkeleg trøkk som restaurantkjøkken.  Arve trekker pusten djupt, og fortel om kor tungvint det var å jobbe med matlaging – det ga både lang ventetid for gjestane og stor slitasje på mannskapet. No når roa har senka seg og vi har fått tid til å reflektere over sommarsesongen er det klart at ein ser ting som kunne vore gjort betre og enklare – ein ser både pluss og minus, men det som driv meg vidare er mellom anna alle dei trivelege gjestane og kontaktane som vi har hatt kontakt med. 

Les heile saka

Rute 46: Kvanne – Rykkjem – Normal drift att frå klokka 11:30

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 22. november 2020

Frå klokka 11:30 er det normal drift att på sambandet Kvanne – Rykkjem. Etter å ha vore innstilt i to periodar, i morgontimane og på føremiddagen i dag, er det altså no normal drift att i sambandet. Fjord1 presiserer likevel at sambandet kan bli innstilt att på kort varsel. Så her må ein berre følge med!

Les heile saka

Utsett kløvertur

Dordi Jorunn Halle Sundag 22. november 2020

Sanitetsforeininga melder at kløverturen oppå Tjønnmyran måndag 23. november er utsett på grunn av ver- og føreforhold. Viss forholda ligg til rette for det, vil det bli sesongavslutning på Tjønnmyrå måndag 30. november.

Les heile saka

Sissel Halset Storslett framfor eit av måleria ho har med på utstillinga "Haustlys" Ser du kvar motivet er frå?

Kunstutstillinga «Haustlys» opna

Guro Redalen Laurdag 21. november 2020

Surnadal Kunstforening markerer overgangen mellom haust og vinter med utstillinga «Haustlys» i Finstuå på Surnadal kulturhus. Todalingen Sissel Halset Storslett er ei av dei 14 av medlemmane av kunstforeninga som er med på utstillinga som var opna laurdag 21. november. Med Alex Trio og tonar frå varmare strøk der sola faktisk skin hakket oftare enn på «Schjess» vart utstillinga […]

Les heile saka

VARSAM! – Stort hål i vegbanen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 21. november 2020

Vi har fått advarsel om eit stort stygt hål i vegbanen på Halanesvegen, rett på oversida av Ramsøya, på høgersida av vegen på tur innover. Så skal du køyre innover Halanesvegen, så kan det vere lurt å ta det litt med ro her. 

Les heile saka